Hopp til innhold

Opna småkraftverk: – Viktig for å halde oppe busettinga i distrikta

Eit av dei største småkraftverka i landet har opna. No håpar utbyggarar og grunneigarar politikarane vil gjere det enklare å satse på fornybar vasskraft.

Kraftverk birkenes

I august opna Flateland kraftverk, som er eit av dei største småkraftverka i landet.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

– Før dette starta for vel to år sidan trudde eg ikkje dette anlegget skulle bli noko av.

Det seier Ole Morten Vegusdal, som er blant elleve grunneigarar for Flateland kraftverk i Birkenes kommune i Agder.

Det er eit av dei største småkraftverka i landet.

Der skal det produserast straum som tilsvarar det årlege energiforbruket til 2500 husstandar.

Vegusdal fortel at det har vore ein lang veg å komme seg til opninga.

– Det går heilt tilbake til 90-talet. Mange år var det heilt stillstand, låge energiprisar og ikkje lønnsemd. Men plutseleg small det, seier han.

Les også Trond tok strøm-grep og bygget eget kraftverk: – Jeg har vært nede i null kroner

Trond Madsen

Viktig for distriktet

Dagleg leiar for kraftverket, Carl Fredrik Lehland, fortel at det er eit stort småkraftverk.

Det produserer 47 GWh, meir enn til heile Birkenes kommune.

Kraftverket har ei investeringsramme på over 300 millionar kroner.

Åpning av kraftverk

Dagleg leiar for kraftverket Carl Fredrik Lehland.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Lehland seier det er herleg at kraftverket endeleg er i drift, men at det har vore komplisert.

– Den største utfordringa i dag er den lange saksbehandlingstida for å få alt godkjent, seier han.

Les også Tom Ole vil bygge kraftverk - har ventet fem år på svar: – Frustrerende

Ole Tom Eftestøl eier av småkraftbruk

Han meiner småkraftverka ikkje blir prioriterte, og at dei er ein viktig del av miksen og det som kan realiserast på kort sikt.

– Vi meiner at småkraftverk er viktig for å halde oppe busettinga i Distrikts-Noreg. Dei vert gjerne bygde konfliktfrie og gir relativt store bidrag til lokalsamfunna, seier han.

Åpning av kraftverk

Kraftverket har ei investeringsramme på over 300 millionar.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Fekk Stort(ting)fint besøk

Stortingsrepresentant Gro Anita Mykjåland (Sp) var med opninga denne veka.

Ho fortel at det er fantastisk at kraftverket er i gang med å produsere meir kraft i Agder.

– Vi er veldig glade i småkraftverk. Dei lokale grunneigarane får nytte sine verdiar på gard og grunn. Småkrafta, har ei heilt sentral rolle framover, seier ho.

Fleire innan småkraftbransjen meiner det tek for lang tid og at tilrettelegginga er for dårleg.

Mykjåland fortel at dei har løyvd ein halv milliard for å auke kapasiteten for saksbehandlinga.

– Eg meiner at vi no må byrje å sjå på kven som skal behandle desse konsesjonane i framtida, seier ho.

Les også Norges første batterifabrikk åpnet

Jonas Gahr Støre på offisiell åpning av Morrows batterifabrikk

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Ekstremværet «Amy»: – Gikk bedre enn fryktet

tekst, tavle

Tiltalt for overgrep og snikfilming av mindreårige

Aline Lima

Fryktar strengare tiltak i barne­vernet: – Vil berre føre til meir kriminalitet

en person som står foran en busk

Julias mor er «Norges farligste kvinne»

null
Spiller nå
6000 uten strøm i Risør 04:01
Neste