Bystyret har vedteke at skattesatsen skal vere 6 promille av taksten og at inntekta skal vere på 257 millionar kroner i 2011. Førre taksering vart gjort i 1984.
- SJÅ OGSÅ: Meir om takseringa (ekstern lenke)
- SJÅ OGSÅ: Sjekk taksten her (ekstern lenke)
Totalt 36 588 eigedommar er omtaksert. Eigedommane har ein samla verdi på 109 milliardar kroner.
Strandsone
– Jo nærare sentrum du er, desto meir verdfulle er vanlegvis eigedommane. Eigedommar i strandsona er også verdfulle. Desse eigedommane får framlesi ein høg takst, seier leiar av skattetaktsnemnda, Yngvar Aulin.
– Ein del eigedommar fekk ein moderat takst etter omtakseringa i 1984. Det gjeld først og fremst Lung og delar av Grim. Dei som bur her, må rekne med ei auke, seier han.
Har gått gjennom sal
Taktsnemnda har brukt fleire faktorar for å fastsetje taksten. Blant anna storleik på bygning, varierande kvadratmeterprisar for ulike typar bygningar, spesielle forhold på og rundt eigedommen, og ulike soner.
Kommunen har blant anna gått gjennom 3000 sal av både bustader, hytter og næringseigdeommar i heile kommunen dei siste åra. Dette for å finne geografiske prisskilnader og prisnivået på ulike typar eigedommar.
Kommunen har lagt ut takstlister på Servicebutikken i byen og på nettsidene sine. Klagefristen er sett til 28. mars.