Hopp til innhold

Misser retten til å føre båt etter 1,0 i promille: – Eit klart signal til båtfolket

Ein mann frå Arendal er truleg den første i landet som misser retten til føre fritidsbåt, etter å ha ført båt med 1,0 i promille. Det har Høgsterett bestemt.

promillekontroll båt

Ein 32-åring frå Arendal får ikkje føre båt på eitt år etter promillekøyring. Det har Høgsterett bestemt.

Foto: NRK

– Frå min ståstad er dette ein ganske streng dom. Det er ei innskjerping slik vi opplever det. Det er eit klart signal til båtfolket om at ein må skjerpe seg, og vere påpasselege, seier konstituert generalsekretær i Kongelig Norsk Båtforbund, Stig Hvide Smith.

Rolf Langnes Ellefsen er truleg den første i landet, som er fråteken retten til å føre båt etter ei promille på 1,0.

Det er her striden har stått. Om 0,2 i promille over den tilletne grensa på 0,8 er alvorleg nok til å miste førarretten.

Saka har no vore gjennom tre rettsinstansar. I tingretten vart det berre ei bot på 6000 kroner. Då påtalemakta anka saka til lagmannsretten vart det både bot og tap av førarrett for båt.

Båtnekt i eitt år

Ellefsen anka dommen til Høgsterett, som seier seg samde med lagmannsretten sin dom. Dermed vil 32-åringen stå utan rett til å føre båt i eitt år.

Det er truleg ingen som har blitt frådømt retten til å føre båt med ei promille på 1,0.

Ellefsen har sjølv sagt at han også meiner at farten bør tale til hans fordel. I dommane står det at han hadde låg fart og at det ikkje oppstod nokon faresituasjon.

– Det bør vere skilnad på ein som køyrer som ein idiot og ein som køyrer roleg, sa advokat Ole Andreas Thran til NRK i mai.

Det støttar Hvide Smith i Kongelig Norsk Båtforbund.

– Mange, meg sjølv inkludert, er av den oppfatning av at låg promille og låg fart kanskje ikkje er veldig farleg. Køyrer ein fortare stiller det seg i eit heilt anna lys, seier han.

– Dommen vert ei retningslinje for politiet og skapar meir skjerpa forhold på sjøen. Det må båtfolket vere merksame på. Dette kan ikkje oppfattast som noko anna enn ei kraftig innstramming, seier Hvide Smith.

Lagmannsretten meiner det er viktig å reagere på ein måte som verkar avskrekkande og førebyggjande. Det er høgsterett einig i.

NRK har førebels ikkje lukkast med å komme i kontakt med verken Ellefsen eller advokaten hans.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %