Hopp til innhold

Menigheden oppsummerer turbulent år

Start sin supporterklubb avlyste alle borteturane tidlegare i år blant anna på grunn av fyll, lovbrot, dårleg oppførsel og dårleg oppmøte. Talsmannen vedgår at supporterklubben har utfordringar inn mot neste sesong.

Menigheden

MENIGHEDEN: Start sin supporterklubb stoppa all aktivitet i sommar på grunn av uro internt i supporterklubben. No ser supportarane framover og håpar på å ordne opp i eigne rekkjer.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Vi måtte ta ein timeout for å sjå kva vi bør satse på vidare. Det er slik sett dei elementære tinga. Vi må byggje opp igjen steinane som har falle ned, seier talsmann for Menigheden, Alf Petter Mollestad til NRK.no.

– Vi må starte med det viktigaste og det er supporterlivet på stadion. Så må vi få folk frå A til B på bortekampar og arrangement og ikkje dille med for mykje anna, seier Mollestad.

Stoppa all aktivitet

Alf Petter Mollestad

Alf Petter Mollestad

Foto: Kim Nystøl/NRK

I juni avgjorde supporterklubben å innstille all aktivitet i regi av supporterklubben på eit ekstraordinært årsmøte.

– Dette er ei innfløkt problemstilling så vi har ikkje tid til å gå inn på det no. Det er mange tema og mange ting som gjer at det har blitt slik. Engasjementet rundt Start har ikkje akkurat teke heilt av, seier han.

– Eg håpar det vil løfte seg og eg håpar vi kan samle alle supportarar, også alle utskota, på supporterfeltet som er på kortsida. Det håpar eg også at Start er villige til, seier supporterleiaren.

Skuffa over 8. plass

Start enda på 8. plass med 42 poeng denne sesongen. Supportaren meiner at klubben har skuffa.

– Det er ikkje akkurat halelujastemning over årets plassering. Det har vore større forventningar til Start i år, enn kva dei gjorde til slutt, seier han.

– Det er vanskeleg å peike på ein eller fleire ting. Vi er eitt av laga som slepp inn desidert flest mål, så det er noko der som er gale. Ein ting er enkeltspelarar, men det må vere noko med korleis ein forsvarar seg, seier Mollestad.

Start misser Clarence Goodson som held fram karriera i danske Brøndby. I tillegg er det klart at Knut Henry Haraldsen ikkje vert med vidare. Dermed står klubben at med unge stopparar som Avni Pepa og Jesper Mathisen.

Vil styrkje forsvaret

– Vi treng ein rutinert klippe som kan gå inn å gjere jobben minst like godt som Goodson. Då er det spesielt ein som har vore i vinden i det siste og det er Atle Roar Håland. Dersom det er mogleg å få han heim håpar vi for all del at det går i orden, seier han.

– Vi må byggje vidare på det vi har hatt i år, så må det forsterkast spesielt i midtforsvaret. Så får vi sjå om det vert noko formasjonsendring dersom Tørum ikkje får den høgrekanten han så sårt ynskjer seg, seier supporterleiaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %