– Det er veldig overveldande. I rommet er det er så utruleg god stemning og ei god kjensle over folk som er villige til å kjempe for bygda vår.
Det seier Erle Øksendal Fidje.
Ho stråler når ho snakkar om Marnardal og engasjementet for å bryte ut av storkommunen Lindesnes.
– Fint fellesskap
NRK møtte 18-åringen i Øyslebø på folkemøte for å diskutere saka og mobilisere støtte tidlegare denne veka.
Mange i salen var redde for å miste bygda sin felles identitet.
– Vi har eit utruleg fint fellesskap, og vi vil alle det same. No er vi leie. Denne kvelden er eit tydeleg resultat av det, seier Øksendal Fidje.
Dette er Marnardals kommunekopp. Dette er den gamle koppen med det gamle kommunevåpenet.
Foto: Svein A Sundsdal / NRKFor fem år sidan blei Marnardal, Mandal og Lindesnes slått saman til storkommunen Lindesnes.
No er misnøya så stor at ei uavhengig gruppe i Marnardal krev folkerøysting for å bryte ut.
– Eg trur vi er ganske einige mange av oss. Vi er glade i bygda vår, og vi er glade i korleis vi har det, seier 18-åringen.
Fleire hundre underskrifter
Gruppa som kallar seg Fellesskap, Respekt, Aktivitet i Marnardal, eller FRAM, peikar på kraftinntekter som ei av dei viktigaste grunnane til at dei vil ut av storkommunen.
– Marnardal kunne tatt imot 50 millionar kroner i kraftinntekter i 2025. Det ville styrkt lokale tenester og bevart skular som no står i fare, seier leiar for initiativet Torgeir Hagestad.
Det er ei gruppering FRAM (Fellesskap, Respekt, Aktivitet i Marnardal) som står bak underskriftskampanjen. Torgeir Hagestad (til venstre) er ein av initiativtakarane.
Foto: Svein A Sundsdal / NRKIfølge Hagestad har det kome inn over 600 underskrifter frå folk i gamle Marnardal kommune som vil lausrive seg.
– Det begynner å bli merkbart at distrikta blir nedprioritert ved at det eine tilbodet etter det andre forsvinn. Det er grunnen til at det er veldig stor misnøye, seier han.
Gruppa FRAM håpar på politisk behandling i Lindesnes kommune i september.
Ei uavhengig gruppe i Marnardal krev folkerøysting om lausriving frå storkommunen Lindesnes. Dei har samla inn nok underskrifter til at saka må opp i kommunestyret.
Foto: Svein A Sundsdal / NRKSterke argument
Thomas Myksvoll i Norce Research forskar på blant anna demokrati og styring.
Forskar Thomas Myksvoll i Norce.
Foto: Andreas R. Graven, NORCEHan meiner at initiativtakarane kan ha sterke argument for lausriving.
– Innbyggarinitiativ kan sette dagsorden i kommunestyre dersom 2 prosent eller 300 av innbyggarane støttar eit slikt forslag. Så er det opp til kommunestyret å vurdere om saka gjeld kommuneverksemda, som i dette tilfellet må seiast å vere tilfelle, seier han.
Då må saka behandlast innan seks månader.
Tilbake i Øyslebø er folkemøtet slutt, og 18 år gamle Erle Øksendahl Fidje er optimist.
– Eg føler at når så mange kom hit i kveld, så viser det at vi vil kjempe for bygda vår uansett alder. Vi vil busette oss her, og det er framtida vår som står på spel, seier ho.