Hopp til innhold

Lærarstreik skapar trøbbel for foreldre: – Vi blir tvunge til å ta fri

Foreldre må truleg ta fri frå jobb når lærarane streikar i haust. – Eg veit ikkje korleis vi skal få dette til, seier Hilde Myklebust frå Stavanger.

Hilde og Henning Myklebust med barna

Henning Eide, Hilde Myklebust og barna Teo (4) og Ole (7) på ferie i Lillesand.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Saman med mannen Henning Eide og barna Ole (7), Teo (4) og Saga (1) er ho på ferie på Sørlandet. Tidlegare onsdag fekk dei med seg nyheita om at lærarane går ut i streik.

– Det blir veldig kjedeleg i forhold til jobb. Vi blir tvunge til å ta fri. Det er heller ikkje alle som har moglegheit til, seier Myklebust til NRK.

– Ikkje gunstig

Henning Eide trur mange blir tvunge til å ta ut ferie kring skulestart.

– I utgangspunktet er det problematisk. Vi blir nøydde til å ta ut feriedagar. Dei fleste har travle feriedagar på jobb, så dette er ikkje gunstig. Eg ser ikkje andre moglegheiter enn å ta fri, seier han.

På ein pressekonferanse onsdag kom det fram av 73 prosent av lærarane som stemte ved uravstemminga stemte nei til avtala med KS. Det betyr at det blir lærarstreik.

– Medlemmene våre seier eit klart og tydeleg nei. No vert det streik. Resultatet er eit tydleg signal frå lærarane om manglande tillit til KS og arbeidsgjevarane, sa leiar i Utdanningforbundet, Ragnhild Lied på pressekonferansen.

Opprør mot detaljstyring

Førebels er ein skule i Bergen teke ut i streik. På grunn av skuleferien er det venta at ein først vil merke konsekvensane av streiken i august, dersom partane ikkje vert einige innan den tid.

– Dette er ein reaksjon på det lærarane opplever som ei krigserklæring frå KS i vinter. Det er eit opprør mot auka detaljstyring i skulen, mot alle tiltak over tid, som har svekka lærarrolla som sjølvstendig profesjonsutøving, seier nestleiar i Utdanningsforbundet i Vest-Agder, Svein Ove Olsen.

– Det er ein reaksjon på det stadig aukande gapet mellom stortingspolitikarane sine ambisjonar og løfter, og lokalpolitikarane sine manglande prioriteringar og oppfølging, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %