Kvinna sit varetektsfengsla for knivdrap på faren og forsøk på drap på mora. Det var i det siste fengslingsmøtet at kvinna erkjente straffeskuld, skriv Agderposten.
Hennar 76 år gamle far vart funne drepen i Østerhus i Grimstad 3. oktober. Kona (75) rømte frå huset med skader, men fekk hjelp hos ein nabo, der ho også ringde politiet.
No sit dottera varetektsfengsla fordi politiet fryktar gjentakingsfare.
– Det er fjernt å påstå dette. Det er ingen gjentakingsfare i denne saka, meiner forsvararen hennar, Sveinung Søndervik Johnsen til Agderposten.