Kristiansand startar vaksinering
Kristiansand kommune startar vaksineringa mot influensa og korona 16. oktober.
Smittevernoverlege Priscilla Hilton oppmodar alle i risikogruppene for alvorleg sjukdom om å ta begge vaksinene.
– Influensavirusa endrar seg frå sesong til sesong og det er grunnen til at ein bør ta ny influensavaksine kvart år. Difor tilrår vi at personar i ulike risikogrupper og helsepersonell i nær pasientkontakt tek vaksina, seier ho.
På nettsida si skriv Kristiansand kommune at vaksineringa vil skje på Kongens senter. Der er det mogleg å ta både influensa- og koronavaksine på same dag.
Personar fødde i 1960 får også tilbod om vaksine mot lungebetennelse til redusert pris.