Kristiansand Filmklubb er historie

Ein av landets eldste filmklubbar må leggje inn årene.

Morten Prytz

SLUTT: Styreleiar i Kristiansand Filmklubb, Morten Prytz, må leggje ned klubben.

– Å drive idealistisk krev mange frivillige krefter, og no har vi dessverre ikkje nok folk til å drive vidare på ein bra nok måte, seier avtroppande styreleiar Morten Prytz.

Kristiansand Filmklubb har eksistert sidan 1961. I 2007 vart den kåra til årets filmklubb blant 70 klubbar i landet. Grunngjevinga frå Norsk Filmklubbforbund var: «Dei siste åra har klubben utmerkt seg ved stor aktivitet, mange kreative nye tiltak, og eit godt samarbeid med andre institusjonar».

Klubben har lenge slite med å få folk i styret over lenger tid. I sommar måtte fire styremedlemmer gi seg. Dermed er det ikkje lenger liv laga for vidare drift.

– Samstundes som det er vemodig å runde av filmklubben, har det vore veldig fint med den gode oppslutninga vi har hatt rundt dei siste arrangementa våre, seier Prytz.