Hopp til innhold

KrF-topp: – Flyktningane må lage maten sin sjølv

KrF-politikar i Kristiansand vil ha slutt på at flyktningar får fleire gratis måltid på restaurant eller kafè kvar dag.

Viggo Lütcherath

Viggo Lütcherath er leiar i helse- og sosialstyret i Kristiansand.

Foto: Svein Sunsdal / NRK

– Dei får måltid tre gonger om dagen på ein kafé i byen. Eg ser ingen grunn til at vi ikkje kan finne alternativ og at dei kan lage sin eigen mat sjølv, slik at vi ikkje får restaurantutgifter, seier Viggo Lütcherath (KrF) som er leiar i helse- og sosialstyret i Kristiansand.

Han dreg mellom anna fram at mange familiar og enkeltpersonar som har søkt asyl bur på hotell i Kristiansand.

Dei får også opptil tre gratis måltid på ein av byens kaféar kvar dag.

– Dei får ditt og datt

KrF-politikaren meiner at det må stillast krav til flyktningane som kjem til landet.

– Eg håpar og trur at dei vil lage maten sin sjølv. Men vi må systematisere det og signalisere det som forventningar, seier han.

Lütcherath trur også at mange flyktningar vil lage maten sin sjølv.

– Flyktningane kjem, søker asyl og får ditt og datt. Dei får mat, bustad og alt i ein periode. Vi må stille krav til flyktningane. Kva kan du yte i forhold til å hjelpe til med å drive din eigen bustad og den type ting, seier han.

– Dette er ikkje for å plage nokon, men skal vi klare å gjennomføre dette må vi tenke slik, seier han.

Planlegg brakkelandsbyar

Til no i år har det komme over 20 000 flyktningar til Norge. Styresmaktene klør seg i hovudet over korleis ein skal ta hand om flyktningane på best mogleg måte.

Måndag orienterte UDI-direktør Frode Forfang om brakkelandsbyane som er under planlegging.

Planen er at kvar brakkelandsby skal huse 3000 flyktningar og at dei skal setjast opp i løpet av dei neste vekene og månadene.

– Det krev ein viss befolkningsmessig infrastruktur. Vi må ha lett tilgang til personale, helse og liknande. Det viktigaste er at dei får ei seng, tak over hovudet og mat. Det er minstestandard, sa Forfang.

UDI - pk om asylsøkere

Sjå UDI-direktør Frode Forfang fortelje om planane om brakkeleiarar.

– Må ned på standarden

Viggo Lütcherath meiner også flyktningar som kjem framover må vere budde på dårlegare standard enn det som har vore til no.

– Vi må sjå på alternativ. Det kan vere brakker eller at ein bygger om hallar med telt inni. Dette har ikkje vore drøfta hos oss enno, men det er ein diskusjon vi må ta, seier han.

– Alle som skal komme må føle at dei har eit trygt og godt tilbod, men vi kan ikkje klare å halde oppe den standarden vi har hatt til no, seier KrF-politikaren.

Brakker som skal huse nye flyktninger

Hvalsmoen transittmottak utanfor Hønefoss har gjort klar brakker for å ta imot flyktningar.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Grønn Ungdom-leder: Jeg tok en overdose

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 3,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,8 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %