– Ein køyreleidning har falle ned. Korleis dette har skjedd er førebels ukjent, seier strekningsleiar på Sørlandsbana, Dag Brekkan til NRK.no.
Dette vil føre til forseinkingar.
– Det vil bli enkelte innstillingar. Det vil bli forseinking for persontoget som skulle gå no frå Stavanger til Kristiansand klokka 10.33. Det vert jobba med alternativ transport, seier han.
Informasjonssjef Jernbaneverket, Henning Lode, stadfestar at passasjerane vil bli frakta med buss mellom Moi og Egersund.
– Vi er i gang med å inspisere køyreleidningen for å sjå om vi kan finne feilen. Det er dessutan viktig å få fjerna togsettet som står der no, seier Lode til Aftenbladet.no.
NSB opplyser no at Sørlandsbana tidlegast vil bli opna klokka 19 tysdag kveld.