Hopp til innhold

Jobbar framleis for å finne løysing

Hektisk møteaktivitet for IK Start i kveld.

Tom Edvardsen

KAMP MOT KLOKKA: Styreleiar i IK Start, Tom Edvardsen har dårleg tid med å få inn dei naudsynte pengane.

Foto: Lars Helge Rasch/NRK

IK Start trekte søknaden om ti millionar kroner frå stiftelsen Cultiva i føremiddag. No jobbar klubben for å få inn pengar på andre måtar. Ernst Ravnaas er framleis ein del av prosessen og Start Toppfotball skal framleis vere i dialog med IK Start.

Overraska Gabrielsen

Cultiva-leiar Ansgar Gabrielsen vart særs overraska over at Start ikkje lenger vil be kulturstiftelsen om pengar.

– Eg tek det til etterretning. Vi har halde på med saksbehandling i tre veker, og det har definitivt vore eit bevegelig mål heile vegen. Vi har stilt opp kvar gang, og vi har brukt mykje ressursar på dette, seier Cultiva-leiar Ansgar Gabrielsen til NRK Sørlandet.

IK Start trekte søkanden på ti millionar kroner . Klubben grunna det med at den økonomiske situasjonen for neste år er uklar.

– Stor usikkerheit

– Hovudstyret i IK Start har valgt å trekkje søknaden til Cultiva fordi det er stor usikkerheit rundt budsjettet for 2010 og at den eigarkapitalen dagens eigar no i dag har garantert på kr 6 mill framstår som for liten. Kapitalbehovet har under prosessen auka og sjølv om søknaden frå Cultiva blir godkjent med fulle beløp, vil det ikkje vere tilstrekkeleg likviditet til å betale kjende postar til forfall, skreiv leiar i klubben Tom Edvardsen i eit brev i dag.

No går det truleg mot konkurs for Start Toppfotball, men Cultiva står klar dersom IK Start vil gå i dialog på nytt.

Video nsps_upload_2009_12_22_16_32_46_2180.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Vil ha eliteserielag

– Eg er villig til å ta nye møter dersom det dukkar opp ting. Det som er overordna for meg er å bidra til ei løysing som gjer at vi har eit eliteserielag også til neste år på stadion, seier Gabrielsen.

Også ordførar i Kristiansand, Per Sigurd Sørensen, er særs overraska over avgjerdsla til IK Start.

– Eg har heile tida oppfatta prosessen som om det har vore ein tett dialog mellom IK Start og Cultiva. Så når dei no i siste sekund vel å trekkje søknaden, då tenkte eg at det har dukka opp noko nytt, eller at det fins ein heilt annan plan som eg ikkje kjenner til, seier han til NRK Sørlandet

Per Sigurd Sørensen

OVERRASKA: Ordførar i Kristiansand, Per Sigurd Sørensen.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %