Denne gangen vart det 0-0 mot Hødd på Nye Høddvoll stadion.
– Vi plukkar poeng, men eg hatar uavgjort, ler Jerv-trenar Steinar Pedersen.
– Eit uavgjortresultat kan vere bra, men det gjer litt lite poeng. Prestasjonsmessig er det igjen ein solid gjennomført kamp, seier han.
- Les også: – Vi kunne ha teke fleire poeng
Nær tre poeng
Det var Grimstad-klubben som førte an i første omgang. 13 minutt ut i kampen var Alexander Lind særs nær å sende sørlendingane i leiinga.
– Vi trykkjer Hødd veldig bra. Det var ein gigantsjanse, men Hødd-keeperen var på plass, seier Pedersen.
Nemnde Lind måtte ut med skade kvarteret seinare med lyskeproblem.
– Vi visste på førehand at han hadde litt stramme lyskar. Men han følte seg fin før kamp og melde seg klar. Det er litt dumt, men vi må berre vere fornuftige når vi brukar han i framtida. Tida får vise om han rekk kampen søndag, seier trenaren.
Fire av fem uavgjort
Jerv har spelt uavgjort mot både Sandnes Ulf, Sogndal, Brann og Hødd på dei fem første kampane.
Søndag kjem Strømmen på besøk til Levermyr.
– Vi er nøgde med å halde nullen på bortebane. Hadde vi hatt litt tur kunne vi teke alle poenga. Søndag er det ny sjanse. Det er berre å dure på, seier Pedersen.