Hopp til innhold

I koma etter fallulykke

Mannen i 20-åra som vart funne med store hovudskadar utanfor eit hus i Grimstad, har truleg falle ned frå eit tak. Mannen er livstrugande skada.

Funnet skadet i trapp

Mannen vart funne i botnen av denne trappa i Grimstad sentrum.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

– Vi har vel nærast konkludert med at han har falle ned frå eit tak, stadfestar vakthavande jurist i Agder-politiet, Julie Møller Digre overfor NRK.

Politiet har også vore i kontakt med eit vitne som har forklart at det var ein person på taket like før mannen vart funne livlaus i botnen av ei trapp.

– Vi har funne skader på taket og i takrenner som stemmer med retninga der han vart funne, seier ho.

Laurdag ettermiddag vart mannen frakta med luftambulanse til Oslo universitetssykehus.

– Han ligg i fullstendig koma. Difor er det ikkje mogleg for oss å snakke med han, seier Møller Digre.

Politiet har gjort tekniske undersøkingar på staden der mannen vart funne.

– Dette skal vi jobbe vidare med måndag, seier juristen.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 07 1,36 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %