Hopp til innhold

Hydro-fabrikk kuttar straumbruken tilsvarande 120 husstandar

Aluminiumsfabrikken har stort behov for straum, men no skal det kuttast betrakteleg ved å oppgradere lysanlegget.

Ole Harald Mykland

Administrerande direktør for Hydro Vigelands brug i Vennesla seier dei ønsker å jobbe med fleire løysingar for å få ned straumforbruket i fabrikken.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

– Me bruker mykje straum i produksjonen, men me bruker også mykje straum til prosessane rundt sjølve produksjonen. Der ser me eit stort potensial til å spare mykje.

Det seier administrerande direktør Ole Harald Mykland på Hydro Vigelands brug i Vennesla i Agder.

På fabrikken smeltar dei metall for å produsere aluminium. Det krev mykje energi, men no skal bruken ned.

Les også Norske vannkraftverk må rustes opp for milliarder

Prosjektleder Inge Lines, Agder Energi, Høgefoss Kraftstasjon, Nissedal.

Smart lyssystem

Innan utgangen av mars skal fabrikken vere i gang med prosessen med å få ned energiforbruket.

Kutta vil svara til 120 husstandars årlege straumbruk.

Halvparten skal gjerast med ei oppgradering av det gamle lysanlegget.

Det heile skal gjerast ved å bytte til ledlys og ta i bruk eit nytt, smart styringssystem som styrer kor det trengst lys til ei kvar tid.

Fabrikken har inngått ein partnarskapsavtale med Hydro rein, som tilbyr fornybare energiløysingar for ein meir berekraftig industri.

Med det nye systemet blir det mogleg for fabrikken å måle enkelttiltak og vite om dei har energisparande effekt.

Totalt sett ser dei føre seg at dei kan spare 2 GWh i året.

Hydro Vigelands brug

På Hydro sin fabrikk i Vennesla nord for Kristiansand produserer dei om lag 8500 tonn med raffinert aluminium.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Eit klart miljøfokus

Norsk Hydro har ein ambisjon om å bli utsleppsfrie innan 2050.

– Det å redusere energiforbruket er med på å spare miljøet i framtida. Det er heilt klart ein av dei viktigaste faktorane, seier administrerande direktør Mykland.

Elektro- og vedlikehaldsansvarleg på Vigelands brug Christian Aanensen, seier at dei i heile Hydro har eit stort fokus på å redusere straumforbruk.

– Me har eit energiprogram som me prøver å følgje og leitar heile tida etter gode prosjekt.

Aanensen trur tiltaka dei gjer no er eit godt steg på vegen til ein heilt utsleppsfri bedrift i framtida.

Raffineriet på Vigeland er også nabo til Vigelandfoss kraftverk, som produserer energi ved hjelp av vatnet som renn nedover elva Otra. Derfrå kan dei få ei jamn tilgang på rein og fornybar kraft.

Hydro Vennesla

Christian Aanensen er elektro- og vedlikehaldsansvarleg på Hydro Vigelands brug.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

– Alle må gå i seg sjølv

Leiar for organisasjon og samfunn i stiftinga Miljøfyrtårn Linn Aas-Hansen Grøtberg, er glad Hydro tek grep for å få ned straumforbruket.

– Generelt heier Miljøfyrtårn på alle bedrifter som gjer tiltak for å redusere energiforbruk.

Ho viser til NVE sine berekningar på at det finst lønsame moglegheiter for å redusere energiforbruk i fleire næringar.

– Alle må gå i seg sjølv og sjå kor dei kan spare energi og faktisk gjere det.

Ho meiner alle bedrifter er nøydde til å redusere forbruket for å bidra i det grøne skiftet.

– Energi er ein ressurs me ikkje kan sløse med. Me er nøydde til å bruke det, men me må redusere det.

Miljøfyrtårn Linn Aas-Hansen Grøtberg

Linn Aas-Hansen Grøtberg i stiftelsen Miljøfyrtårn meiner det Hydro gjer er bra.

Foto: Vetle Hjortland / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %