Hopp til innhold

Funksjons­hemma mobiliserte for å få delta på foredrag om diskriminering

Då forskingsstiftinga skulle halde seminar om diskriminering av funksjonshemma, kom ikkje rullestolbrukarane om bord. Protestar førte til endringar.

debatt funksjonshemming

Då forskingsstiftinga skulle halde foredrag om diskriminering mot handikappa, klarte ikkje rullestolbrukarar å komme om bord på båten der seminaret skulle haldast.

Foto: Ivar Kvistum / Handikapnytt

Eg finn meg ikkje i at ein skal halde fram med å invitere til samtalar om funksjonshemma utan å invitere oss inn. Arendalsuka, «det demokratiske dansegolvet», burde vere for alle, men det er det ikkje, seier Ida Hauge Dignes (27).

Ho er aktiv i Noregs Handikapforbunds Ungdom og tilsett i Medvind Assistanse, ein leverandør av BPA.

Dignes fortel at ho allereie i juni gjekk gjennom programmet for Arendalsuka for å sjekke kva arrangement som var tilgjengeleg for rullestolbrukarar og andre funksjonshemma.

At foredraget om mikroaggresjon mot funksjonshemma skulle haldast på båten MS Lofoten fekk henne til å reagere.

Ifølgje fleire er båten nemleg fullstendig utilgjengeleg for rullestolbrukarar.

Det var Handikapnytt som omtalte saka først.

Ida Hauge Dignes

Ida Hauge Dignes framfor båten der foredraget skulle vere.

Foto: Christina Hårvik Nieuwlaat / NRK

Måtte mobilisere

I juli tok Dignes kontakt med forskingsstiftinga Fafo, som står bak arrangementet.

Dei kunne stadfeste at foredraget skulle haldast på båten, men dei var usikre på om det ville vere tilgjengeleg for rullestolbrukarar.

– Det er bra at Fafo forskar på diskriminering av funksjonshemma. Det er berre så paradoksalt at dei stengjer oss ute når dette skal presenterast.

Tysdag møtte Dignes opp ein time i forkant av arrangementet. Då vart det klart at ho og andre i rullestol ikkje kunne komme om bord.

Dignes oppfatta at det heller ikkje var aktuelt å flytte foredraget. Det fann ho seg ikkje i.

Saman med ein kollega besøkte dei telta til Noregs Handikapforbund på Arendalsuka for å finne andre som kunne vere interessert i arrangementet.

– Vi vart ein haug som marsjerte mot båten.

Dignes anslår at nærare 30 personar samla seg for å stå utanfor MS Lofoten.

mobiliseres på brygga

Dignes fekk saman med ein kollega samla fleire rullestolbrukarar og andre funksjonshemma for å protestere mot at arrangementet vart halde bak «lukka dører».

Foto: privat

Legger seg flat

Med mange frammøtte som ikkje kunne komme på båten, valde arrangøren å flytte foredraget til bryggja.

– Det er hårreisande at vi måtte vere såpass mange for å få endra dette. Samtidig skal dei ha honnør for at dei var sporty og enda med å ta det på bryggja, seier Dignes.

Fafos forskingsleiar Terje Olsen fortel til NRK at dei var i ferd med å flytte arrangementet ut på bryggja allereie før Dignes kom tilbake. Han oppfatta ikkje oppmøtet som ein protest.

– Eg er den første til å beklage at arrangementet vart lagt til båten. Vi skulle ikkje hatt det der, seier han.

Forskningssjef Fafo

Forskingssjef i Fafo Terje Olsen, var rask til å beklage for dei frammøtte at foredraget ikkje kunne haldast på båten. Framover vil dei jobbe med betre løysingar for funksjonshemma på arrangementa sine.

Foto: Ivar Kvistum / Handikapnytt

Skal betre samarbeidet

Olsen fortel at dei tidlegare har vore i dialog med Handikapforbundet rundt utfordringane som kjem med å halde arrangement på båt, men at det kokte litt vekk under pandemien.

– Det var synd at det vart som det vart. Vi skal finne betre måtar å gjere det på framover, seier Olsen.

Han seier dei no har god dialog med Noregs Handikapforbund for å finne andre løysingar for framtidige arrangement.

Noregs Handikapforbund stadfestar overfor NRK av dei kjem til å ha møte med Fafo om problematikken.

– Vi skjønner at det ikkje er vondt meint, men tankeløyse. Når dette arrangementet skal ta plass på ein båt som ikkje er tilgjengeleg for funksjonshemma, må ein undre seg om dei har tenkt igjennom dette, seier forbundsleiar Tove Linnea Brandvik i Noregs Handikapforbund.

Tove Linnea Brandvik, styreleder SAFO

Forbundsleiar i Noregs Handikapforbund Tove Linnea Brandvik, meiner det vitnar om tankeløyse at arrangementet skulle haldast på båten.

Foto: Norges Handikapforbund
null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 07 1,36 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %