– Eg har hjelpt over 150 berre dei siste to åra, seier Per Jakob Haakstad.
Han er ein av advokatane som opplever stor pågang frå folk som ønskjer å lage framtidsfullmakt.
Denne dagen har han besøk av Iren Matheussen.
Sørlendingen har gått med planar om å lage framtidsfullmakta ei god stund.
– Livet er skjørt. Eg er i midten av 50-åra og i god form. Men eg har møtt og jobba med mange som har fått demens. Det er skummelt å sjå, seier Matheussen.
Ei framtidsfullmakt signert med vitne.
Foto: Espen Bierud / NRKKva er ei framtidsfullmakt?
Ei framtidsfullmakt er eit dokument som beskriv kven som skal vareta økonomien din og personlege interesser viss du i framtida ikkje lenger er i stand til det sjølv.
Til dømes viss du blir svært sjuk eller dement.
I eit slikt dokument kan ein beskrive korleis ein vil ha det, når ein ikkje er i stand til å ta gode avgjerder sjølv.
Spørsmåla som blir svarte på er ofte av økonomisk og praktisk art, til dømes:
- Skal huset seljast dersom eg blir dement og flyttar på institusjon?
- Kor mykje skal barnebarna få i konfirmasjonsgåve?
- Kven har ansvar for å levere sjølvmeldinga mi?
- Kven får oppgåva med å seie opp abonnement eg ikkje lengre treng?
Kven som helst kan lage dokumentet. Det finst mange malar på nettet og det er ikkje krav til å involvere advokat.
Den som skriv fullmakta må vere ved sine «fulle fem» og skaffe to vitne som skriv under.
Hva er ditt forhold til fremtidsfullmakt?
Statsforvaltaren merkar trykket
Hos Statsforvaltaren i Agder sit Gunnar Munkerud på kontoret sitt.
Fagdirektøren har jobba med framtidsfullmakter heilt sidan starten i 2013.
– Vi har eit formidabelt oppsving når det gjeld framtidsfullmakter. Det har auka med over 50 prosent på eitt år.
Gunnar Munkerud hos statsforvaltaren i Agder har jobba med framtidsfullmakter i over ti år,
Foto: Espen Bierud / NRKHan presiserer at ingen veit kor mange framtidsfullmakter som er laga.
– Det vi har tal på er dei som søkjer oss om å «stadfeste» fullmakta. Ei slik offentleg godkjenning blir ofte kravd av bankar og andre instansar, særleg viss det er snakk om å selje eigedom.
Ei slik stadfesting skjer etter at den som laga fullmakta har vorte for sjuk eller dement til å ta gode avgjerder sjølv.
I 2019 vart det stadfesta 480 framtidsfullmakter i Noreg.
I 2022 er talet stige til 2489. Altså ei femdobling på fire år.
Fremtidsfullmakter har auka med 54 prosent frå 2021 til 2022.
Foto: Espen Bierud / NRKHåpar det kan føre til mindre konflikt
Iren Matheussen seier ho er oppteken av å gjere ting mest mogleg rettferdig.
– Jo meir tydeleg og konkret ein kan vere i ei slik fullmakt, jo mindre kime til konflikt vil det bli i familiar.
Advokat Haakstad seier dei tek rundt 6000 kroner for å lage ei framtidsfullmakt, under normale forhold.
– Interessa har eksplodert, og dette har komme for å bli. Eg meiner dokumentet er konfliktdempande og noko mange bør vurdere.
Advokat Per Jakob Haakstad gir råd.
Foto: Espen Bierud / NRKMange gjer feil
Gunnar Munkerud speidar utover Arendal frå kontoret sitt på ei høgd over byen.
Han ser også at det blir gjort feil med slike kontraktar.
– Omtrent kvar femte søknad blir avvist eller avslått hos oss, seier han.
Han forklarer at dei som skriv fullmakta til dømes kan gløyme formalitetar, eller misforstår reglane for stadfesting.
Han ser også tydelege innhaldsmessige svakheiter ved fleire av dei fullmaktene som likevel blir stadfesta, då det formelle er i orden.
Dokumentet blir slik beskrive i verjemålslova.
«Ei framtidsfullmakt er ei fullmakt til éin eller fleire personar om å representere fullmaktsgivaren etter at fullmaktsgivaren på grunn av sinnliding, under dette demens, eller alvorleg svekt helse ikkje lenger er i stand til å vareta sine interesser innan dei områda som blir omfatta av fullmakta».
Det er verd å merke seg at ei framtidsfullmakt blir ugyldig i den augneblinken fullmaktsgivaren døyr.
Formelt vil då arvelova og/eller eit testamentet gi føringane for kva som skjer med verdiane til avdøde.
Fremtidsfullmakt er eit dokument ein kan lage på eiga hand.
Foto: Espen Bierud / NRKHei. Tenkte du på noe spesielt da du leste reportasjen? Eller kanskje du har gode nyhetstips om andre saker? Ta gjerne kontakt.