– I juli hadde vi relativt sett ein stor nedgang. Juli er månaden vi har hatt det aller beste vêret, så er det jo slik at når vi har ein nedgang slår den veldig ut for oss når vi har den i juli, seier direktør Per Arnstein Aamot til NRK.
Parken har opplevd ein liten nedgang i besøket også i vår.
Sette rekord i fjor
– I juni var ikkje nedgangen så veldig stor. Fjoråret var prega av mykje regn i helgane i juni. Så har besøket vore litt dårlegare på våren generelt sett, fortel han.
I fjor sette Dyreparken solid besøksrekord med totalt 975 000 besøkjande. Dermed vart rekorden frå 2011 slått med dryge 150 000 besøkjande. Aamot vil ikkje ut med besøkstalet så langt i 2013.
– Vi plar ikkje gå ut med tal midt i sesongen. Heldigvis har vi ei stund att, men det ser ut til at det blir det nest beste året nokosinne. Vi hadde venta litt nedgang og det hadde vi også budsjettert med, seier han.
Aamot meiner det fine sommarvêret må ta mesteparten av skulda for at parken ikkje klarer å følgje opp fjorårets besøkstal.
– Vêret vi har fått er truleg den største årsaka. Folk har stått litt kortare i parken enn dei tradisjonelt har gjort. To- og tredagersbesøk har gått litt ned, seier han.
Fleire besøkte badeland
Trass i nedgang i besøkstalet har det vore fleire gjester i badelandet i parken.
– Der har vi hatt ein gledeleg sesong. Det har vore ein skikkeleg badesommar, så der har vi hatt litt oppgang, seier han.
I 2012 opna parken storsatsinga Abra Havn. Aamot meiner det var ei av årsakene til det gode besøket i fjor.
– Nyhetens interesse var kanskje størst i fjor. I år har vi kanskje ikkje dei store nyheitene å slå på stortromma med. Vi får lade kanonane til neste år, smiler han.