– Allereie i går kveld kunne eg legge inn ei ny bestilling. Det var jo veldig gøy.
Det fortel driftsansvarleg for BUA i Grimstad Irene Håheim.
For få dagar sidan fekk dei ein e-post der det stod at dei to avdelingane deira får over 300.000 kroner.
– Det betyr at vi kan tilby enda meir til befolkninga og turistar, som bruker oss mykje, seier Håheim.
BUA står for Barn-Unge-aktivitet, og er ein ideell organisasjon som jobbar for å gjere det enklare for spesielt barn og unge å låne utstyr til fysisk aktivitet, som sport, leik og friluftsliv.
I Grimstad står SUP-brett, syklar og alpinutstyr øvst på lista over kva dei vil kjøpe meir av, slik at alle som vil kan leige dette gratis hos dei.
BUA i Grimstad er ikkje aleine om å få pengar. Det er det fleire som får.
Irene Håheim frå BUA Grimstad og på Groos seier dei vil kjøpe inn fleire SUP-brett, syklar og alpint-utstyr.
Foto: privatRedda drifta framover
Totalt blir det delt ut 5 millionar kroner frå Sparebanken Sør via deira Sør-fond. Pengane skal fordelast mellom BUA-avdelingar i regionen deira.
– Med desse midlane kan BUA-avdelingane gjere utstyr til sport, leik og friluftsliv enda meir tilgjengeleg, seier dagleg leiar i BUA John Harald Bondevik.
Han fortel at fleire lokale avdelingar seier dette har redda drifta deira i lang tid framover.
Har du brukt BUA før?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Jo fleire midlar vi får til BUA, jo fleire barn og unge kjem i aktivitet. Og det er det som er målet, seier Bondevik.
– Vi er stolte over å kunne bidra vesentleg til dei gode lokalsamfunna der banken har kontor, og spesielt til det flotte arbeidet BUA utfører, seier Trond Skjæveland som er dagleg leiar i Sør-fondet.
BUA har i dag 265 avdelingar i Noreg, der 31 av desse vil få midlar frå Sparebanken Sør.
Foto: BUA
Viktig for ein liten plass
I Birkenes skal også utleigetilbodet oppgraderast.
– Dette er skikkeleg stort for oss, rett og slett, seier Gøran Frigstad frå BUA Birkenes.
Dei har fått rett over 115.000 kroner. Nå er planen å vidareutvikle tilbodet og halde ved like utstyret dei har.
– Det er jo ein liten stad, så alle midlar kjem godt med. Og i denne storleiken er det ikkje akkurat mange av dei, seier Frigstad.
Frigstad seier pengane dei får vil bety mykje for mange i Birkenes.
Foto: privatHan fortel at SUP-brett er veldig populært, og at det kanskje er noko dei vil kjøpe meir av.
– Vi vil også høyre om folk vil prøve noko nytt. Det er jo alltid gøy.
BUA har i dag 265 avdelingar i Noreg. 31 av desse vil få midlar frå Sparebanken Sør.
Også i Grimstad vil dei kjøpe fleire SUP-brett. Dette er frå avdelinga deira på Groos.
Foto: privat