– Det vart ikkje så mykje tid til 17. mai-feiring. Vi vatnar døgnet rundt!
Gunnar Bjørndal er storfe-bonde, og akkurat no handlar det mest om éin ting:
Å få graset til å gro.
– Det er ganske altoppslukande. Eg må jo sikre nok mat til dyra framover.
Bjørndal driv gard midt i varmaste Agder, der gradestokken har bikka 20-talet uvanleg mange gonger dei siste vekene.
Det er lenge siden han har sett regn.
– Sjølv om eg vatnar heile tida så rekk eg ikkje over meir enn 25 % av det arealet med dyrka mark og beite som eg har bruk for.
Bonde Bjørndal er heilt avhengig av å skaffe nok høg til dyra. Dette bildet er tatt for ei tid tilbake.
Foto: Siv Kristin Sællmann / NRKNo står den første slåtten står straks for tur.
– Mange stadar er det så vidt det har begynt å vekse, og kunstgjødsla som ein køyrde ut for mange veker sidan har nesten ikkje begynt å verke.
Dersom den første slåtten ryk kan det by på store problem.
– Eg må kanskje begynne å fôre ute på beita snart. Og da må ein jo bruke det fôret som eg hadde tenkt å bruke til vinteren.
Lite vatn: Elva ved Dåsvannsdalen er i ferd med å tørke ut. Sjølv i 2018, under den store tørken, var det ikkje så lite vatn i elva, ifølge Bjørndal.
Foto: Gunnar Bjørndal/Privat– Begynner å bli kritisk
Og det er ikkje berre på Sørlandet at vasspumpene går for fullt.
– Det tørkar ut i store delar av Sør -Noreg. Det er eit problem for mange.
Det seier Kirsten Helene Myren, som er leiar for bondelaget i Agder.
– Det begynner å bli kritisk. Vi kryssar fingrane for at regna som ser ut til å vere meld, blir noko av og at det blir ordentleg blaut.
– Alt som veks og spirer treng jo fukt. Det seier jo litt om risikoen som ein matprodusent ber. Du sår og set i sving på våren, og så er du prisgitt vêrforholda, seier Kirsten Helene Myren, som er leiar for bondelaget i Agder.
Foto: Svein Sundsdal / NRKKjem nedbør
Og ifølge meteorologen kan det sjå ut som den tørre perioden nå går mot slutten.
– Det blir først veldig varmt med opp mot 25 grader fleire stader i Sør-Noreg måndag og tysdag. Men såg utover veka søkk temperaturen, seier statsmeteorolog Magnus Ovhed.
Etter kvart kjem også nedbøren både på Sørlandet og Austlandet. Men akkurat kor mykje, er litt usikkert.
– Det kan sikkert bli 10, 20, 30 mm mange stader over mesteparten av Sør – og Austlandet. Vestlandet må nok ha litt tolmod til neste veke når det gjeld nedbør.
Statsmeteorolog Magnus Ovhed kan love noko regn mot slutten av veka.
Foto: Meteorologisk instituttHar ikkje gitt opp
Imedan går vatning-pumpene jamt og trutt 20 timar i døgnet garden til Gunnar Bjørndal i Evje- og Hornnes.
Han håpar på langt meir nedbør ein berre nokre byer.
– Det vil ikkje hjelpe noko før det blir større mengder, men vi får jo verkeleg håpe at det kan snu. Eg har liksom ikkje gitt opp, men det er veldig mykje meir jobb og store kostnader når regnet lèt vente på seg.
Vatningspumpene går for fullt på mange jorde i Sør-Noreg. Ifølge Bjørndal bruker han rundt 5000 kr i døgnet på diesel, for å halde pumpene i gang.
Foto: Gunnar Bjørndal/Privat