Hopp til innhold

Birkeland og Olsbu går VM-sprinten

Både Lars Helge Birkeland frå Birkenes og Marte Olsbu frå Froland skal gå VM-sprinten i skiskyting laurdag.

Marte Olsbu og Lars Helge Birkeland

Marte Olsbu og Lars Helge Birkeland går i VM laurdag.

Foto: Scanpix

Laga vart offentleggjort i den finske VM-byen Kontiolahti torsdag.

Sørlendingane må vere blant dei 30 beste for å få gå jaktstarten søndag.

Marte Olsbu (24) er med i sitt første VM nokosinne.

– Først og fremst er det berre kjempestas at eg er her. Og så trur eg at eg får meir nervar når det nærmar seg, sa Olsbu til NTB under pressetreffet i Trysil i forkant av VM.

Lars Helge Birkeland har delteke i VM tidlegare, men har ikkje vore med i medaljekampen. I siste verdscuprenn før VM imponerte han stort med ein 5. plass på sprint. Dette sa han til NRK om medaljesjansane i førre veke:

– Då må absolutt alt klaffe. Då må eg ha god dagsform, gode ski og feilfri skyting. Eg har jo ikkje vore på pallen i verdscupen, så det skal mykje til, sa Birkeland.

26-åringen meiner at ei topp ti plassering er meir realistisk.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %