Hopp til innhold

– Må hindre flytting til Oslo

Ordføraren i Kristiansand vil ha fokus på å halde viktige tilbod ved Sørlandet sykehus slik at tilboda ikkje vert flytta til Oslo. Det skapar sterke reaksjonar i Aust-Agder.

Per Sigurd Sørensen

HINDRE OSLO-FLYTTING: Per Sigurd Sørensen meiner fokuset bør vere på å hindre flytting av avdelingar ved Sørlandet sykehus til Oslo.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Vi ser no at Oslo-sjukehusa er aktuelle for å overta viktige delar av det som er hos oss. Det er der vi må setje inn kampen, seier ordførar i Kristiansand, Per Sigurd Sørensen til NRK.no.

– Kvar er drahjelpa?

Torill Rolstad Larsen

Torill Rolstad Larsen

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I Arendal er det fakkeltog og folkemøte på gang for å støtte sjukehuset. Og ordførar Torill Rolstad Larsen etterlyser igjen hjelpa ho meiner Kristiansand har lova.

– Kva er drahjelpa? Kvar står vi saman når det gjeld Sørlandet sykehus, spør arendalsordføraren.

Men når sjukehusdirektøren i dag møter politikarane i Kristiansand, vert det neppe snakk om fakkeltog.

Kjempar for sitt

– Eg kjenner meg ikkje att i den beskrivelsen. Eg trur ein heller skal bruke litt andre saklege og verknadsfulle middel enn det, seier Sørensen.

– Har du i det heile noko sympati for kampen som vert utkjempa i arendalsområdet?

– Det har eg ikkje lyst til å meine noko om. Alle kjempar for sitt, seier kristiansandsordføraren.

– Kva tykkjer du om Arendal-Kristiansand-diskusjonen?

– Eg tykkjer den diskusjonen vert litt liten i denne samanhengen. Det er det å sikre viktige funksjonar på Sørlandet som er viktig for oss. Då kan vi ikkje ha eit fakkeltog for kvar avdeling som skal flyttast frå hit til dit, seier Sørensen.

Kraftig provosert

Freddy de Ruiter

Freddy de Ruiter

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Stortingsrepresentan Freddy de Ruiter er kraftig provosert over uttalelsane til ordføraren i Kristiansand.

– Det nærmar seg løgnaktighet. For meg handlar det om liv og helse. Det handlar om sjukehustilbodet til heile befolkninga og ikkje berre Kristiansand og omegn si befolkning, seier de Ruiter til NRK.no.

Politikarane i Aust-Agder er særs uroa for framtida til sjukehuset i Arendal. Fleire avdelingar ved sjukehuset ser ut til å forsvinne eller bli redusert på ein eller annan måte.

– Det er vrøvl og tull at akuttfunksjonar som barn, nevrologi og den slags, at det vil truget tilbodet på Sørlandet, dersom det vert verande i Arendal, seier de Ruiter.

– Arrogant

– Ordføraren i Kristiansand prøvar å vri merksemda til noko anna og det tykkjer eg er særs beklageleg, seier stortingsrepresentanten.

Han reagerer også på Sørensen sin kommentar om at ein ikkje kan arrangere fakkeltog kvar gang det vert debatt rundt flytting av ei ny avdleing.

LES OGSÅ: Helsetilsynet overvåker striden

– Eg tykkjer det er usedvanleg arrogang. Dersom han har tenkt å få til ei fylkessamanslåing kan han sjå langt etter den viss ikkje han og dei andre i vest vaknar opp og kan gje oss drahjelp, slik at vi kan sikre befolkninga eit godt helsetilbod, seier de Ruiter.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %