Sigurd Klomsæt
Foto: Holm, Morten / Scanpix
– Vi har fått stadfesta det vi lenge har antatt, at det er feil det som vart lagt til grunn av DNA av sakkyndige i Norge, og norske domstolar om at det var to gjerningsmenn, seier advokat Sigurd Klomsæt til NRK.no.
- LES OGSÅ: Kritiserer Baneheia-etterforskningen
Fredag fekk han resultata på alt DNA-materialet som vart brukt i retten. Det er London-firmaet Forensic Science Service som har utført analysen.
– Det er ikkje noko som gir grunnlag for å hevde at det var to gjerningsmenn i Baneheia-saka, seier Klomsæt.
Har gått gjennom alt
Viggo Kristiansen vart i 2002 dømd til 21 års forvaring med 10 års minstetid for valdtekt og drap på to småjenter i Baneheia i Kristiansand i år 2000. Kristiansen har aldri tilstått og nektar for å ha vore med på drapa.
Det fins ingen tekniske bevis på at Kristiansen var på åstaden, men kameraten Jan Helge Andersen sine vitneforklaringar førte til at Kristiansen vart dømd. Jan Helge Andersen vart dømd til 19 års fengsel.
For ti år sidan vart det sagt at DNA-materiale kunne stamme frå Kristiansen. No er det altså slått fast med sikkerheit at det ikkje gjer det.
- LES OGSÅ: Fann forsvunne DNA-prøver i frysar
– Dei har gått gjennom alt DNA-materiale som er presentert av norsk politi for norske domstolar, seier Klomsæt.
– Politiet i Agder har destruert dei tekniske bevisa, så nye analyser er begrensa. Det var noko materiale att i Spania, som no ligg til grunn for dette også, seier advokaten.
– Skal bli ny sak
Klomsæt er klar på at han vil ha ny rettssak.
– Ikkje berre kan, det skal bli ny sak, seier han.
– Det er ikkje noko som helst tilknyting til Viggo Kristiansen, seier Klomsæt
- LES OGSÅ: Ti år siden baneheia-drapene
- SE OGSÅ: Alt om Baneheia-drapene
NRK.no har vore i kontakt leiar for etterforskingseininga i politiet, Magne Storaker. Han vil ikkje kommentere saka.
Kritisk til Klomsæt
Inge Hanssen
Foto: AftenpostenInge Hanssen, som er ein erfaren rettskommentator i Aftenposten, stiller seg tvilande til Sigurd Klomsæt. Hansen har sjølv dekka Baneheia-saka.
– Dette er jo Klomsæt i kjend stil. Han går alltid hardt ut, prossederer og frifinn som han vil. Han bør jo gå rett til gjenopptakelseskommisjonen med dette. Det er jo ingen andre som har sett resultata, som tydlegvis skal ha komme fram, seier Hanssen til NRK.no.
– Gjenopptakelseskommisjonen henta inn undersøkjingar av DNA-materiale frå saka både frå Spania og Sverige i fjor. Dei konkluderte med at det ikkje var noko som talte i favør av Kristiansen i uskuld, seier Hanssen.
– Så må vi ikkje gløyme at hovudbeviset mot Kristiansen er forklaringa til Jan Helge Andersen, legg han til.
Kristiansen har prøvd to gonger å få saka si opp igjen i rettssystemet. I juni i fjor vart det klart at gjenopptakelseskommisjonen avslo kravet om å få behandla saka på nytt i retten.
Til Strasbourg
I førre veke sende Kristiansen klage til Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. I eit brev hevdar advokat Sigurd Klomsæt at det er fleire feil i forklaringa til Jan Helge andersen, som også er dømd i saka. Forklaringa til Andersen bidrog til å felle begge to.
- LES OGSÅ: Ingen ny rettssak fra Kristiansen
Klomsæt klagar også på tolkinga av tekniske bevis i saka, og at fleire av desse er destruert i etterkant. Klomsæt har i tillegg saksøkt gjenopptakelseskommisjonen.