Aktor Berit Voxen meiner at denne saka viser kor viktig det er at hundeeigarar har kontroll over hunden.
– Ein har eit stort ansvar for å ha kontroll over hunden. Ein veit aldri kva type menneske eller dyr ein møter, seier Voxen til NRK.
– Viktig å kontrollere hunden
– Folk kan reagere på ulike måtar. Då er det viktig å kunne kontrollere hunden og hindre at slike ting skjer, seier aktor.
Det var på ettermiddagen 4. juli i fjor at ein 2-åring, mor hans og ein 17 år gammal gut vart angripe av ein hund og fekk bittskader på ein leikeplass i Mandal.
Rettssaka skulle eigentleg ha gått i november i fjor, men vart utsett på grunn av sjukdom.
Brot på hundelova
Påtalemakta har tiltalt hundeeigaren for brot på hundelova. Der er det ei øvre strafferamme på seks månaders fengsel.
– Dette er ei sak som har skapt frykt i nabolaget, slik at det er mange som er opptekne av og berørt av hendinga, seier Voxen.