Hopp til innhold

11-åring stoppa i bil igjen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

11-åringen som tysdag denne veka køyrde i grøfta i Lyngdal, var fredag kveld nok eingong ute i trafikken.

Politiet i Agder fekk fredag kveld melding om at 11-åringen var observert i trafikken. Dermed vart det sendt ut ei patrulje for å stoppe guten. Politiet stoppa trafikken i Flekkefjord. Køen hopa seg opp og dermed kunne politiet ta hand om 11-åringen.

11-åringen stakk av i ein bil som tilhøyrde familien.

Stoppa to gonger

– Det er bekrymingsfullt at denne guten på nytt tek ein bil og køyrer av garde. Vi håpar det vert sett i verk tiltak heime i Rogaland, seier operasjonsleiar i Agder politidistrikt, Vidar Neset til Aftenbladet.

Tysdag denne veka vart den same guten stoppa i trafikken ved Lyngdal. Då hadde han køyrt frå Rogaland. Til politiet forklarte den unge sjåføren at han var på veg til Danmark.

Rogalendingen vart avslørt av ein lastebilsjåfør, som ringde politiet og fortalde at han hadde observert ein bilførar som såg særs ung ut. Køyreturen enda til slutt i grøfta.

Køyrde traktor på E39

Ifølgje avisa har mor til guten stadfesta at han også tidlegare har køyrt sørover på E39 med traktor.

Guten er no overlevert til barnevernet, som vil ta saka vidare i samråd med familien.

– Vi er særs uroa for den faren han utset seg sjølv og andre trafikantar for, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Svein Kjetil Larsen til avisa.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 07 0,63 kr
Dyrest kl. 22 1,5 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %