Hopp til innhold

Yrkessjåførar er lei av ferjekrøll: - Det er for mykje rot!

Yrkessjåførane er svært frustrerte over rot med ferjene som kryssar Sognefjorden på sambandet Lavik-Oppedal, også etter dei siste tiltaka for å bøte på problema med batteriferja Ampere.

Lavik Oppedal

FRUSTRERT: Helge Aske, som tok dette biletet fredag kveld, seier fleire yrkessjåførar uttrykker frustrasjon over uføreseielege rutetider og rot på sambandet Lavik–Oppedal.

Foto: Helge Aske

– Ikkje veit vi kva ferje som går, og ikkje veit vi når ho går. Det kjem vel av batteriferja dei ikkje får til. Det blir veldig usikkert. For dei som skal langt, seier det seg sjølv at det får konsekvensar. Dei skal nå ferje andre stader, seier yrkessjåfør Helge Aske.

Verdas første batteridrivne ferje, «B/F Ampere», vart sett inn på sambandet Lavik-Oppedal i februar. Sidan den gongen har ladeproblem for batteriferja ført til mange kansellerte avgangar og frustrerte bilistar.

For om lag ein månad sidan varsla Statens vegvesen at selskapet som trafikkerer strekninga, Norled, får bøter for manglande leveransar.

– Vegvesenet må rydde opp

Aske, som køyrer for Stranda-firmaet E-Trans, brukar fredag kveld som eksempel. Då tok det omtrent ein time frå han kom på kaien til han var over Sognefjorden.

Helge Aske

YRKESSJÅFØR: Helge Aske er grundig lei av å få tidsplanen sin rota til av at ferjene ikkje går når dei tilsynelatande skal.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Det er for mykje rot. Etter vi høyrde snakk om at dei skulle få dagmulkt har det blitt verre. Eg synest Statens vegvesen må kome på banen. Eg meiner dei er ansvarlege for dette. Vegvesenet må inn å rydde opp og friskmelde sambandet.

Anders Sæternes, fagkoordinator for ferjer i Statens vegvesen, har forståing for at Ampere-utfordringane tærer på tolmodet til trafikantane.

- Vi kan ikkje anna enn beklage. Norled jobbar så hardt dei kan om dagen for å få den nye teknologien for å verke, seier Sæternes.

Dette fører til at «Ampere» må stå over nokre turar per dag.

- I det siste har det stort sett skjedd to gonger dagleg. På dei tidspunkta prøver dei så godt dei kan å køyre med høgare hastigheit på dei to andre ferjene for å få avvikla så mykje trafikk som råd, seier Sæternes.

Vil tilbake til gamleruta

Aske seier ferjesituasjonen har blitt ein «snakkis» blant sjåførane som nyttar sambandet.

– Folk blir irriterte. Eg ser dei legg ut statusar i sosiale medium der dei uttrykker irritasjon. Når den eine ferja aldri er der når ho skal vere der, blir det problem.

– Kva meiner du kan vere løysinga på dette?

– Dei kan gå tilbake til gamleruta som var heil og halv time med dei ferjene som går. Så får denne batteriferja kome når ho er klar, seier Aske.

Dropp «Ampere» viss du vil vere sikker

At det skulle løyse problem å gå tilbake til gamle ruter, har ikkje Sæternes tru på.

- Det er ikkje aktuelt per i dag, seier Sæternes.

Han peikar i stadenfor på at det er mogleg å lese ut av ferjeruta kva ferje som går når.

- Viss ein treng at ting er føreseieleg vil eg tilrå at ein prøver å velje dei turane som ikkje vert utført av Ampere. Då er det 20 minutt mellom dei avgangane, og så er det eit opphald på 40 minutt til neste, seier Sæternes.