NRK Meny
Normal

Brukar hest i terapi: «Då eg hadde lyst å kutte meg, gjekk eg heller i stallen»

– Var eg var sint og lei og hadde lyst å kutte meg, fekk eg heller trøyst av hesten, seier ho. Den unge jenta fekk uvurderleg hjelp av dei firbeinte. Organisasjonen Hest og Helse og "Inn på tunet"- verksemda ynskjer at tilbodet skal nå fleire.

Hest

ALTERNATIV TERAPI: Kontakt med hest kan hjelpa dei som slit psykisk, meiner organisasjonen Hest og Helse.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Lufta er grå av støv, og muskuløse dyrekroppar dundrar forbi i sanden på ridebanen.

Blikket hennar flakkar mellom eigne nervøse hender og store hestar. Hestane som vart klippa hennar.

– Den er berre god på ein måte. Når du er lei og føler at ingen er glad i deg, så blir hesten likevel alltid glad for å sjå deg liksom. Ho smiler forsiktig. Ser ned att.

Fokus på meistring

Me er på "inn på tunet" – garden til Linda Rognø på Sande. "Inn på tunet" er eit tilbod for folk både med og utan spesielle behov, og er støtta av landbruksdepartementet.

Linda Rognø

MINI-HEST: Linda Rognø driv inn på tunet – garden på Sande har fleire minihestar som ho meiner egnar seg særleg godt som terapi-dyr.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

På garden tek Rognø imot alt frå folk med traume, demens, eteforstyrringar og rusproblematikk, til "vanlege" dyrevener. Ho kallar alle for "gjestene sine", og nektar å kalla nokon for pasientar.

LES OGSÅ: Vil ha fleire "inn på tunet" gardar

– Her fungerer alle på lik linje, og fokuset er på ressursar og meistring, ikkje problem, understrekar ho, medan ho held eit vakent auge med flokken av ungar, hestar, hundar og ei og anna forfjamsa høne på det travle tunet.

Mykje å spara for samfunnet

– Når eg ser at det arbeidet du gjer to timer i veka kan gjera så mykje for eit menneske at dei kjem seg ut i skule, ut i arbeid og ut i eit levande liv. Det å våge å møta andre menneske, våge å møta samfunnet, og blir så friske at dei ikkje treng å vera innlagde lenger - det er så stort for meg at det gjev energi til å gjera dette igjen og igjen, slår Rognø fast.

– Det kjenst som om du flyr. Det er eit kick i livet, og litt ekstremt. Og det får meg til å føle at det er verdt å leva.

Ho ynskjer seg breiare anerkjenning av hesten som ein ressurs i helse-Norge, og får stønad av generalsekretær i organisasjonen Hest og Helse, Kjell Myhre.

– Når folk kjem ut på skeiva så rammar det ikkje berre enkeltpersonen, men også familie og kan hende også lokalsamfunn.

– Om me kan bidra til å redusera andelen som fell utanfor, så meiner eg det har ein stor samfunnsnyttig verdi. Ein treng ikkje vera rakettforskar for å sjå at dess fleire me klarer å halde i skule og arbeid, dess meir vil det offentlege Norge spara, seier Myhre.

Kjell Myhre

HEST OG HELSE: Generalsekretær Kjell Myhre

Foto: Privat

Målet til Hest og Helse er å få offentleg godkjenning for hesteassistert psykoterapi.

Tillegg, ikkje erstatning

Myhre ynskjer at tilbodet skal vera lettare tilgjengeleg for alle pasientgrupper, og ynskjer seg også meir forsking på konkret effekt av behandlinga.

Han er overtydd om at hesteterapi kan vera effektivt og verdifullt som eit tillegg til tradisjonell behandling.

Rognø er eining. Ho meiner mykje godt arbeid vert gjort i helse-Norge, men at noko likevel manglar for mange. Dette holet trur ho kontakten med dyra kan vera med på å fylla, og er overtydd om at eit slikt tilbod kan redusera bruk av medisinar, samt korte ned innleggingstid på institusjonar.

Ponni

KOS: Hesteterapi dreier seg ikkje fyrst og fremst om riding, men meir om bandet mellom menneske og dyr.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Me ynskjer på ingen måte å avskaffa psykiatri eller klinikkbehandling, men heller å vera eit tillegg og eit bidrag som gjev eit levande liv, forklarer ho.

Ein grunn til å leva

Og nettopp dette var det den unge jenta fann då ho trong det som mest. Ei gneist, ei kjensle av meistring, og nokon å snakke med som berre svarte med ein varm mule.

Ho har no hatt stallen som fristaden sin i fleire år, bur for seg sjølve, og underviser ungar i riding – i tillegg til å ri sjølv.

Livet går framleis opp og ned, men ho meiner dei fine firbeinte er ein viktig grunn til at ho er der ho er i dag.

Måten ho snakkar på er blyg og beskjeden. Unntatt når ho beskriv kva hestane betyr for henne. Haldninga vert litt rakare, augo litt vaknare.

– Kva føler du når du sit på hesten?

– Det er frigjerande. Det kjenst som om du flyr. Det er eit kick i livet, og litt ekstremt. Og det får meg til å føle at det er verdt å leva.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser