Hopp til innhold

Widerøe ofrar Kystvegekspressen

Widerøe er ikkje einige med seg sjølve om kvifor dei ikkje vil utsette morgonflyet frå Florø til Oslo. Konsekvensen er uansett at Måløy-passasjerane med Kystvegekspressen ikkje når flyet.

Widerøe
Foto: NRK

Det har vore sterke reaksjonar på at Widerøe flytte fram morgonflyet frå Florø til Oslo då dei overtok desse flygingane. Konsekvensen av at flyet lettar klokka 06.25 er at det ikkje lenger korresponderer med Kystvegsekspressen frå Måløy, som er i Florø først klokka 06.35, altså ti minuttar for seint.

Blanda signal frå Widerøe

I april sa kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien til Fjordenes Tidende at mangelen på seinare ledige landingstider på Gardermoen var årsaka til at flyet måtte gå 06.25 og ikkje klokka 07.00 slik det gjorde då Danish Air Transfer (DAT) hadde denne flyginga fram til 1. april i år.

No viser det seg at selskapet slett ikkje ynskjer seg seinare landingstider for å imøtekome passasjerane til Kystvegekspressen.

- Mister mange avgangar

- Dersom vi flytter avgangen så kjem vi for seint inn til Gardermoen som igjen gjer at dei som skal reiser vidare går glipp av veldig mange vidare flygingar. I tillegg vil vi kome seinare ut frå Gardermoen og då mister vi dei som skal vidare frå Florø med helikopter offshore, seier informasjonssjef Silje Brandvold i Widerøe til Fjordenes Tidende i dag.

- Valet er teke

Ordførarane i Vågsøy, Selje og Bremanger samt fleire næringslivstoppar har vist stor misnøye med dei nye rutetidene, men Widerøe kjem ikkje til å bøyge av.

- Det vil alltid vere nokon som meiner at flyet burde gått litt før eller litt seinare. Men når ein har avgrensa kapasitet så må ein ta eit val og det er det vi no har gjort, seier Brandvold til Fjordnenes Tidende.