Hopp til innhold

Vurderer å evakuere familie i Luster

Stein rasa ned i Fortun der kjempeblokker truga bustadhus for to år sidan.

Steinblokk i Fortun

RAS: Steinblokka har kome ned i same rasløp som i april 2014.

Foto: Jan Erik Weka

Luster kommune og ordførar Ivar Kvalen vil fortløpande vurdere evakuering av ein familie etter at ei steinblokk har rasa ned på same staden som kjempeblokker truga eit bustadhus i Fortun i april 2014.

Den gongen kom ni store steinar på opp til 30–40 kubikk ned fjellsida frå fjellet Hjorten. Området ligg 200 meter frå Fortun kyrkje.

Politiet ringde

– Vi fekk ei oppringing frå politiet om at det har kome ned ei blokk i same rasløp som i 2014. Eg har vore i kontakt med dei som bur der. Per no so vurderar dei situasjonen slik at dei vil halde seg i ro i huset. Men utover kvelden vil dei vurdere å flytte.

Ivar Kvalen

VURDERAR: Ordførar Ivar Kvalen (Sp).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Kor nær ligg steinen bustadhuset?

– For to år sidan kom raset 60–70 meter frå huset. Steinen denne gong er fire-fem kubikk, men dette er steinar som kjem nesten i fritt fall frå 500–600 meters høgde, så det er enorme krefter som er i sving.

– Er det fare for at det kjem meir stein ned i løpet av kvelden?

– Det er det rette vêret til at det kan kome meir. Og dette er eit område der det har kome stein tidlegare, så vi på vakt. Kommunen har husvære til disposisjon til familien om dei ynskjer å flytte, seier ordførar Kvalen.

Stein frå raset i Fortun

STORE: Ein av steinblokkene frå 2014.

Foto: Frank Aalen