Hopp til innhold

Vogntogførar politimeld etter at han mista over 100 sildetønner

Eit vogntog har mista over 100 tønner sild på fylkesveg 614 ved Eikelandstunnelen i Bremanger. Vegen er no delvis stengd på staden.

Vogntogførar mista minst 100 tønner sild på fylkesveg 614

SPERRA VEGEN: Ein vogntogførar mista over 100 sildetønner frå lasta si på fylkesveg 614 mellom Svelgen og Grov måndag kveld.

Foto: Ketil Lindberg

Politiet fekk melding om trafikkuhellet på fylkesvegen mellom Svelgen og Grov like før klokka 18 måndag kveld. Uhellet har skjedd på nordsida av Eikelandstunnelen i eit område med smal veg.

– Vi fekk melding om at eit vogntog på veg frå Svelgen og sørover hadde mista ein del av lasta, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Lasta består av tønner med sild. Klokka 19 opplyser politiet at det skal vere over 100 tønner som har ramla ut. Ingen personar vart skadde i samband med uhellet. Forholdet blir politimeld, opplyser politiet på Twitter.

– Ingen vart trefte

Rimmen seier sidedørene på hengaren har delvis opna seg, slik at sildetønnene har ramla ut.

Dei har spreidd seg utover vegen, men til alt hell var det ingen av bilane som var i nærleiken som vart trefte.

– Føraren av vogntoget blir politimeld, seier Rimmen. Både føraren og vogntoget er utanlandske.

Minst 100 tønner med sild ramla ut av vogntog

INGEN KOM TIL SKADE: Ingen personar kom til skade i samband med uhellet der over 100 sildetønner ramla ut av lastebilen.

Foto: Ketil Lindberg

– Stort skadepotensial

– Last som ramlar av køyretøy er alltid alvorleg. Det kan treffe andre trafikantar, og skadepotensialet er absolutt stort, seier operasjonsleiaren.

Ein hjullastar er no på staden for å rydde vegen slik at trafikken kan sleppe forbi. Det er også rekvirert eit firma som skal rydde.

– Dette er ikkje noko som kan dumpast i naturen, seier operasjonsleiaren.

Vegen var ein periode heilt stengd i starten, men det har i periodar blitt sleppt forbi trafikk, får NRK opplyst av politiet. Vegen kjem til å bli stengd utover kvelden og natta i samband med opprydding.

Lastebil mista over 100 sildetønner på fylkesveg 614

MISTE LASTA: Over 100 sildetønner ramla ut frå vogntoget. Til alt hell vart ingen personar skadde.

Foto: Ketil Lindberg
Eikelandstunnelen sør for Svelgen