Hopp til innhold

Vogntog velta i møteulukke på fjellet

Eit vogntog har velta på Riksveg 52. Politiet er på utkikk er eit møtande vogntog, som ikkje stogga etter velten.

Vogntog velta Riksveg 52

VELTA: Vogntoget velta på Riksveg 52, på veg frå Hemsedal mot Sogn. Det møtande vogntoget stogga ikkje, og politiet er no på utkikk etter det.

Foto: Øystein Veum

– Vogntoget som låg føre oss låg langt mot midten av køyrebana. Eit vogntog kom mot, på veg vestover. Det måtte køyre ut i snøen på sida av vegbana, og velta, seier Stig Svåsand som var på staden.

Prøvde å sparke seg ut

Svåsand og eit par andre sprang til for å sjekke korleis det gjekk med sjåføren. Då dei kom fram forsøkte han å sparke seg ut frontruta, fortel Svåsand.

– Men det gjekk ikkje, så vi fekk hjelpt han ut. Det står bra til med han.

Sjåføren, som tilsynelatande var uskadd, hadde klare meiningar om det møtande vogntoget.

– Han sa han ikkje hadde noko val. For å unngå kollisjon måtte han ut av vegbana, seier Svåsand.

– Det andre vogntoget stoppa ikkje

Ulukka skjedde 3 kilometer inn på Sogn og Fjordane-sida. Vogntoget som var på veg austover stogga ikkje.

– Bilen bak prøvde å blinke, men sjåføren reagerte ikkje, og køyrde vidare, seier Svåsand.

Det stadfestar operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Odd Arve Solvåg.

– Vi har gjeve Beskjed til Nodre Buskerud politidistrikt, som er på utkikk etter han, seier Solvåg.

Både politi, ambulanse og brannvesen har rykt ut til ulukka. Det er ikkje meldt om personskade.

Vogntog velta riksveg 52
Foto: Stig Svåsand