Semitrailer sperra fylkesveg i Bremanger

Ein semitrailer sperra fylkesveg 616 i Bremanger i mange timar torsdag ettermiddag og kveld.

Vogntog sperrar fylkesveg 616 i Bremanger.

STENGT: Hengaren hamna i grøfta, og semitraileren kjem seg ikkje vidare frå Dalsbotten i Bremanger.

Foto: NRK.no-tipsar
Oddleif Løseth
Journalist

OPPDATERING: Klokka 21.29 vart vegen opna.

Vegtrafikksentralen fekk melding klokka 1654 om semitraileren som sperra fylkesvegen ved Dalsbotten, mellom Oldeide og Kalvåg.

Etter det NRK.no kjenner til skal føraren ha forklart at hengaren seig ut i grøfta. Vogntoget kom seg ikkje frå staden for eiga maskin.

Det var venta at vegen kunne opne like over klokka 19, men det viste seg at ein måtte få på plass ei gravemaskin som kunne sikre hengaren under berginga. Den vart køyrt til frå Kalvåg.

Skulle noko gå gale, stod det fleire millionar kroner på spel. Bilen var fullasta med fisk.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.