Viste fingeren til politiet

Ein mann i 40-åra er politimeld etter å ha ropt og gestikulert mot ein politipatrulje i Sogndal i 03:30-tida i natt. – Dei reagerte på oppførselen hans. Mannen viste fingeren og ropte «helvetes politi», seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt. Han seier det elles har vore nokre fulle folk å ta hand forskjellige stader i fylket. – Ikkje så mange, men nokre har det vore. Det er desember og då er det ofte både helseoppdrag og ordensforstyrringar, seier han.