Hopp til innhold

Har aldri høyrt om denne typen angrep

Tryggleiksrådgjevar i Hovedorganisasjonen Virke, Tor Bjerke, har aldri høyrt om at verksemder har blitt utsett for angrep frå datahackarar.

Bjerke
Foto: Privat

– Dette er eit kjent problem for privatpersonar, men eg har aldri vore bort i at nokon verksemder har blitt utsett for denne typen utpressing, seier Bjerke.

– Ikkje betal

NRK melde i går at datahackarar har angripe datasystemet til Selje Hotell og tatt kontroll over alle bookinglister med rombestillingar.

Denne typen program ber gjer deg beskjed om å betale pengar via betalingstenestene PayPal eller Bitcoin.

Bjerke oppfordrar alle, privat personar og bedrifter, om å vere varsame med kva dei opnar av dokument og filer på internett.

– Dei som jobbar med å førebygge denne typen angrep ber ein om å ikkje skal betale. Ein veit ikkje om ein får tilbake informasjonen sin og det kan vere byrjinga på ein ny utpressingssak, seier han.

Bjerke understrekar også at dersom dei råka betalar er det bra for dei som står bak angrepa, medan om ein ikkje betalar vert det mindre lukrativt å vere kjeltring.

Utelukkar ikkje at dette berre er byrjinga

Regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, er overraska over kor langt folk er villige til å gå.

– Det at kundelista til eit hotell har forsvunne er svært alvorleg, seier han.

Stang trur at vi kjem til å sjå meir av denne typen kriminalitet i framtida.

– Dette er nok berre byrjinga. Vi lever i ei tid der det blir meir og meir som er datastyrt, difor er det viktig at å ha den rette kompetansen slik at vi kan vere sikrare, seier regiondirektøren.

Framleis sperra

Hamre

FÅR TILBAKEMELDING: – Folk er uroa for om dei framleis har reservasjonar, fortel, Jan-Sindre Hamre ved Selje hotell.

Foto: Privat

Jan-Sindre Hamre ved Selje Hotel fortel at responsen frå hotellgjestane har byrja å ta seg opp etter at NRK i går melde om hendinga.

– Folk ringe i redsel for at reservasjonane deira har forsvunne, og dei har jo eigentleg det, seier han.

Systema er framleis ikkje tilbake på plass, og Hamre oppfordra framleis folk som har reservert rom om å ta kontakt.