Hopp til innhold

Vil vurdere alkolås i all skuletransport

Hovudutvalet for samferdsle vil på nytt diskutere om dei skal innføre alkolås i alle køyretøy, som fraktar born og unge til skule, når dei møtast igjen til hausten.

Ein alvorstynga Arnstein Menes som settefylkesordførar

OPP TIL VURDERING: Leiar i hovudutvalet for samferdsle, Arnstein Menes, seier at utvalet igjen vil diskutere alkolås i skuleskyss igjen til hausten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Førre gong saka var oppe til vurdering, då skulerutene i fylket var ute på anbod, vart ikkje alkolås innført, og leiar i hovudutvalet for samferdsle Arnstein Menes (Sp) seier det er fleire grunnar til det.

– Det ligg noko økonomi i det, men det er ei investering ein kanskje må ta viss ein finn det tenleg. Eg veit at det har vore ulike erfaringar når det kjem til dei tekniske løysingar, der er det eit potensial for forbetring, seier han.

Eit enkelt og greitt tryggingstiltak

Petter Sortland

VIL HA ALKOLÅS: Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, vil ha alkolås i alle køyretøy, som fraktar born til og frå skulen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Alkohollås, eller alkolås er inga ny oppfinning. Låsen som gjer at ein må ta ein utandingsprøve før ein får vri om tenningslåsen på bilen, har alt vore prøvd ut i mange år, mellom anna på mange av Statens vegvesen sine bilar.

Høyanger kommune har no sendt brev til fylkeskommunen der dei ber om at det blir sett krav om alkolås på all skuleskyss i regi av fylket.

– Det er eit veldig enkelt og greitt tryggingstiltak. Ein unngår at nokon som ikkje er skikka til å køyre får starta køyretøyet, seier ordførar i Høyanger kommune, Petter Sortland.

Kvar dag blir fleire tusen skuleborn frakta til skule med buss, minibuss og drosje i Sogn og Fjordane.

– Vi ønskjer at alle køyretøy som frakta det dyraste vi har, ungane våre, til og frå skulen skal ha montert alkolås, seier Sortland.

– Bør vere ein del av tryggleiksutstyret

Ordføraren i Høyanger meiner at ein må montere alkolås når ein lagar nye bussar, samt ettermontere i allereie eksisterande bussar.

– Det kostar om lag 10.00 kroner å ettermontere dei i eksisterande bussar, så vi ønskjer at dei som fraktar skuleungane våre skal ha dette som ein del av tryggleiksutstyret om bord, seier Sortland.