NRK Meny

Vil leite etter titan i Naustdal

Dei to austlandsbaserte selskapa Ree Mining AS og Ree Exploration AS har sikra seg leiterettar til jern og titan i Naustdal, skriv Firda. Mannen bak dei to selskapa, Øyvind Standeren Pedersen, seier til avisa at mineralsamansetninga i sentrum og i fjellet kring Steinkrossen er veldig likt som i Engebøfjellet i Vevring. Han håpar no å få med seg investorar til å undersøke om det er drivverdig.

Naustdal sentrum sett frå andre sida av fjorden
Foto: Alf Vidar Snæland