Hopp til innhold

Dei vil ha med seg alle på festival og håpar å bli betre kjend med lokalbefolkninga

Festivalen Superveka er i gong i Førde. No håpar arrangørane at også lokalbefolkninga blir med på moroa.

Roy Arve Hetle og Benedicte Lunestad

SUPERKLARE: Festivalsjef Roy Arve Hetle og PR-ansvarleg Benedicte Lunestad er godt i gong med Superveka i Førde.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Musikkfestivalen vert arrangert av studentane i Førde ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og blir avvikla denne helga.

– Målsetjinga med festivalen er å inkludere studentane i Førde inn i lokalmiljøet ved å vise fram at det faktisk er ein høgskule her. I 2012 vart det bestemt at vi måtte gjere noko for å vise oss fram i lokalsamfunnet, fortel festivalsjef Roy Arve Hetle.

Då fant studentane ut at den rette måten å gjere det på var å arrangere ein festival.

– Vi prøver så godt vi kan å lage litt meir støy no med litt fest og moro, seier han.

Snur skulen på hovudet i fire dagar

I desse dagar er altså kantineområdet til høgskulen omgjort til konsertlokale. Festivalsjefen tykkjer det er supert av skulen at dei får lov til å slå seg laus og snu skulen på hovudet i fire dagar.

Ved å lokke både studentar og andre til skulen sin håpar dei å vise at det ikkje berre ligg eit sjukehus der, men også ein stor skule med ganske mange studentar.

Hetle har vore student i tre år ved høgskulen. PR-ansvarleg, Benedicte Lunestad har vore i Førde i to år.

– Vi er ute blant folk å prøver å vise oss, men elles er vi stort sett i lag med studentar og har ikkje blitt så veldig godt kjent med lokalbefolkninga enda, seier Lunestad

Det håpar dei festivalen vil gjere noko med.

Postgirobygget og Gabrielle kjem

Lunestad tykkjer det er svært kjekt å kunne vere med å skape ein festival og fortel om eit godt miljø.

I år vitjar fleire kjende artistar festivalen. Postgirobygget, Gabrielle, Kaveh og Dunderland tek turen til Førde denne helga. I går, torsdag var det Stand-Up ved Henrik Overaa Bjørnson og Bjørn-Henning Ødegaard.

Startskotet for årets festival gjekk av allereie på onsdag, då hadde studentane kokt i hop ein eigen revy.

– Den gjekk kjempebra. Vi hadde faktisk ikkje venta så høge besøkstal. Vi hadde 174 inne, men forventningane til meg, som festivalsjef frå Sunnfjord, var at dersom vi fekk 100 var det kjempebra. Stemninga stod i taket, fortel Hetle.

Tett samarbeid mellom studentane

Sjølv om tilbakemeldingane har vore gode, er det førebels ikkje planar om å setje opp fleire framsyningar, men i helga ventar fleire konsertar.

– Vi er ikkje utseld enda, men i forhold til i fjor ligg vi godt an på førehandssalet, seier Hetle.

Han har vore med på festivalen alle tre åra, og føler det har vore fin utvikling frå år til år, og trur 2014 blir ein opptur for festivalen.

– Vi har jobba knallhardt med promotering og knallhardt med å booke dei beste artistane, så eg er veldig stolt over styret mitt, seier han.

Dei er samansett av ingeniørstudentar og sjukepleiarstudentar noko som fungerer bra.

– Ein av dei store fordelane ved å gå i Førde er det tette samarbeidet mellom sjukepleiar- og ingeniørstudentar, fortel Hetle.