NRK Meny
Normal

Vil ha større kapasitet på ferjesambandet Stårheim - Isane.

Sogn og Fjordane Energi og Eid Elektro ber Eid og Bremanger kommunar om snarleg kapasitetsauke på ferjesambandet Stårheim–Isane.

Stårheim ferjekai

MANGE MÅ STÅ IGJEN: Næringslivet vil ha større ferje på Stårheim–Isane

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi registrerer at oftare og oftare så står det igjen bilar på ferjekaien på grunn av at ferje er full om morgonen og ettermiddagen, seier Tore Hjelle, som er Teknisk leiar i Eid Elektro.

I dag er det berre ei ferje som trafikkerer sambandet Stårheim–Isane og det er ein time mellom kvar avgang. For verksemdene som dagleg kryssar fjorden kostar timane dei må vente dyrt.

Tore Hjelle

VIL HA STØRRE FERJE: Tore Hjelle, Teknisk leiar i Eid Elektro.

Foto: Eid Høgre

– Det vi ynskjer er eit ferje som har plass til fleire biler enn ferja som går der i dag. Eg var sjølv der for eit par veker sidan, då blei vi ståande igjen 10 bilar og måtte vente over ein time. Halve dagen går vekk i venting.

Får støtte får Eid kommune

– Dette er noko vi har sett også frå kommunen si side, og eg støttar næringslivet i det dei her legg fram, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Han seier dei særleg etter opninga av Bremanger 2 har sett ein stadig aukande trafikk nettopp på dette sambandet.

– Ikkje ein eksplosiv vekst, men trafikken aukar sakte men sikkert år for år.

Bjørlo syner til at næringslivet jobbar stadig meir på kryss og tvers av regionar og fylkesgrenser. Det har gjort Stårheim,–Isane til eit viktig tverrsamband mellom Bremanger, Flora og Nordfjord.

Fleire avgangar

Alfred Bjørlo

VIL TA OPP SAKA: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg vil no samrå meg med ordføraren i Bremanger, slik at vi kan legge opp ein felles strategi.

–Kva ser du for deg som ei løysing, større ferje eller fleire ferjer?

– Fleire ferjer er nok uaktuelt ut frå eit økonomisk synspunkt. Eg trur nok meir på at ein kan auke frekvensen på morgon og ettermiddag med den ferja som går der i dag.

–Frå Eid si side er det ei klar haldning at dette er eit samband som må styrkast og vidareutviklast i åra som kjem.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.