Hopp til innhold

Vil ha oppgradering av fylkesveg 55

Bygdelaget i Luster meiner støypekantane langs fylkesveg 55 langs Lustrafjorden er for dårlege og så svake at dei kan vere trafikkfarlege. Det seier Ann Kristin Sperle til Sogn Avis. Før helga opna Sognefjellet og trafikken aukar dermed langs vegen. Statens vegvesen har vore på synfaring og vedgår at det er smalt og svake vegskuldrer, men kan førebels ikkje seie noko om kva som blir løysinga.