Hopp til innhold

Vil ha møteplassar på europaveg

Strakstiltak skal gjera det lettare for vogntog å møtast på E39.

Passering på E39

TIDKREVJANDE: Denne passeringa ved Vadheim tidlegare i år tok ti minuttar

Foto: NRK

- Eg veit at det vert jobba for å få til møteplassar som eit strakstiltak, og det er positivt, seier jenny Følling, gaularordførar og leiar for stamvegutvalet, til avisa Ytre Sogn.

Pengar er ikkje sette av

Jenny Følling

VIL HA MØTEPLASSAR: Jenny Følling, leiar av stamvegutvalet

Foto: Birger Meland / NRK

Bogen-Vadheim vil vera det einaste tronge partiet mellom Lavik og Vadheim når Noreviktunnelen kjem på plass om eit par år. Dette parttiet ligg inne i Nasjonal Transportplan 2014-2019 med 170 millionar kroner. Korleis vegen skal utbetrast er uklart, men Følling er klar på at eit mellombels tiltak er viktig.

- Uavhengig av kva løysing ein vel vil det ta nokre år å planleggja det. Difor tykkjer eg me må jobba vidare for å få til møteplassar som ei mellombels løysing. Men samstundes må me halda fokus på at vegen skal verta utbetra permanent.

I følgje Ytre Sogn vil det kosta mellom to og fire millionar kroner for to til tre møteplassar på Bogen-Vadheim. Avdelingsdirektør i Statens Vegvesen region Vest, Nils Magne Slinde, seier til avisa at det ikkje er sett av pengar til strekninga fram mot 2013.

Ønskjer bompengefinansiering av strekninga

Nils Magne Slinde

PENGAR: Nils Magne Slinde, avdelingsdirektør i Statens Vegvesen region vest fortel det ikkje er sett av pengar til Bogen-Vadjeim fram mot 2013

Foto: NRK

Han meiner også det kan vera betre å gå direkte på den permanente utbetringa enn møteplassar. Men han poengterer at møteplassar let seg gjera å byggja.

- Det kan vera mogleg å få dette inn i det einskilde året sitt budsjett, men det må me ta ei vurdering på, seier Slinde.

Uansett kva utbetring som vil koma, lovar Følling å jobba på for å få fortgang på Bogen-Vadheim.

- Nokre dagar før jul sende Stamvegutvalet eit brev til Høyanger og Gulen bompengeselskap for å sjå på moglegheita for å halda fram med innkrevjing av bompengar på ferja mellom Lavik og Oppedal. Då kan ein finansiera Bogen-Vadheim med dei midlane.

Bompengar for privatbilistar kan finansiera om lag 200 millionar kroner til investeringar i følgje Ytre Sogn