NRK Meny
Normal

Meiner nattevandrarane har redda liv - lensmann fortvilar over at det er for få av dei

Nattevandrarar kan berge liv, meiner lensmannen i Førde og Naustdal. Han fortvilar over at ikkje fleire foreldre tek på seg den viktige oppgåva.

Jan Egil Tvinde, Stig Krossøy Nordvik og Solveig Fredriksen

VIKTIGE: Lensmann Jan Egil Tvinde i Førde og Naustdal, Stig Krossøy Nordvik i Førde Røde Kors Hjelpekorps og Solveig Fredriksen i Førde Kors er alle samde om at nattevandrarane er viktige.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det er fleire auge som skjer kva som skjer, og kan hjelpe om det er nokon som treng hjelp, seier lensmann Jan Egil Tvinde.

Han trekk fram ein episode frå nokre år tilbake, der ei ung jente kan takke nettopp nattevandrarane for at ho er i live. Jenta var i ferd med å ramle på elva, men vart oppdaga i tide.

– I dette tilfellet var nattevandrarane avgjerande for at ho overlevde, seier den røynde politimannen.

– Nattevandrarane har ein førebyggjande effekt og er viktig for tryggleiken til dei ungdomane som er i sentrum, seier han vidare.

– Dei same går igjen, år etter år

Med russetida like rundt hjørnet og sommaren like etter, førebur politiet i Førde seg på ein periode der det tradisjonelt er mykje ungdom ute i gatene.

For politiet er det til stor hjelp at det er andre vaksne ute, og ordninga med nattevandrarar har i fleire år sikra vaksne i gatene som kan passe på ungdomane.

Men lensmannen hadde gjerne sett at fleire foreldre og vaksne engasjerte seg i ordninga.

– Vi ser dessverre at det er dei same som går igjen, år etter år, seier lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

Berre ni møtte opp

I Sogn og Fjordane finst det i dag nattevandrarar åtte stader. I Vik, Sogndal, Dale, Stryn, Nordfjordeid, Sandane, Florø og Førde.

Tanken med nattevandrarane er at dei skal møte ungdom der dei er, og vere til stades for å støtte og passe på ungdomane. Nattevandrarar samarbeider med fleire instansar, mellom anna politiet og Røde Kors.

Førde, som er ein av dei største tettstadane i Sogn og Fjordane, er ein plass der mykje ungdom samlar seg i sentrum i løpet av russetida og sommaren. Før denne perioden blir nattevandrarane innkalla til informasjonsmøte, men gårsdagens møte vart ingen suksess.

– Det var 123 foreldre som var inviterte, men berre ni møtte, seier Solveig Fredriksen i Førde Røde Kors som organiserer ordninga.

Dei fleste av dei inviterte er foreldre som har gått som nattevandrar før, men møtet er også skipa til for å informere nye nattevandrarar om ordninga.

– Kvifor trur du det berre var ni som møtte?

– Det er veldig vanskeleg å seie noko om. Eg har dessverre ikkje svaret, seier Fredriksen.

– Men eg skulle ønskje det var fleire. Det er viktig for å få til ei samhandling, der dei som har vandra før og har erfaring, kan dele det med dei nye, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vanskeleg å få folk til å stille som nattevandrar

VAKSNE I GATENE: Nattevandrarane spelar på lag med mellom anna politiet og Røde Kors sine hjelpekorps som er ute i gatene.

Foto: Nyhetsspiller

– Avgjerande for at ho overlevde

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, er ikkje i tvil om at nattevandrarane utgjer ein skilnad når dei er ute i gatene nattetid.

Han minnast ein episode for nokre år sidan, der han meiner nattevandrarane berga livet til ei ung jente.

– Det var seint om hausten og nattevandrarar som gjekk langs elva høyrde forsiktige skrik. Det viste seg å vere ei jente som låg med vatn til over magen, og ikkje kom seg opp derfrå.

– Kva som hadde skjedd og kvifor ho var der veit eg ikkje, men takka vere nattevandrarane vart ho funnen, politiet kontakta og ho vart send til sjukehus, seier lensmannen og meiner nattevandrarane utan tvil berga livet til tenåringsjenta.

I mange tilfelle ser politiet også at nattevandrarane bidreg til at uheldige situasjonar ikkje eskalerer.

– No vil eg ikkje oppmode dei om å gripe inn ved til dømes slåsting, men vi ser at det har hatt ein roande effekt berre at nattevandrarane kjem til, seier Tvinde.

Vil formalisere ordninga

Det viktigaste for politiet er at foreldre møter opp som nattevandrarar på dei vaktene dei er sette opp.

– Eg har inntrykk at vi greier samle mange nok nattevandrarar dei viktigaste kveldane, som natt til første mai og 16. mai. Det er elles også jamt oppmøte på laurdagskveldane den delen av året det er mest aktuelt, seier Tvinde.

Likevel ser han behovet for å formalisere ordninga med nattevandrarar for å sikre at det er nok vaksne til å ta del i denne viktige oppgåva.

– Ei vakt per foreldrepar

Lensmannen håpar å få til eit samarbeid med skulane.

– Eg tenkjer vi må ansvarleggjere ei eller anna foreldregruppe, og for meg blir foreldra til tiandeklassingane mest naturleg.

– Då er det mogleg å få til eit system der foreldra går som nattevandrar ein sesong, og det vil truleg berre vere snakk om ein laurdagskveld per foreldrepar, så er dei ferdige, seier Tvinde.

På denne måten ser han for seg at ein hadde fått til eit godt og enkelt system.

– Nattevandrarane er heilt klart ein styrke for Førde, og på denne måten hadde ein hatt tilgang til nok nattevandrarar, seier lensmannen.

Ber foreldre engasjere seg

Solveig Fredriksen i Røde Kors som organiserer nattevandrarane seier ei slik ordning hadde vore midt i blinken.

– Eit slikt samarbeid er ønskedraumen for oss. Då veit ein at ein har ei gruppe foreldre å ta av, og for min del måtte dei gjerne ha vore med i to år.

Framfor ein ny periode der det er mykje ungdom ute i gatene, har ho ei innstendig bøn til foreldra.

– Eg håpar og ber om at foreldra stiller opp. Det er veldig viktig. Er dei sette opp på ei vakt, og veit dei ikkje kan kome, gje beskjed så vi får fylt hola.

– Allereie no laurdag manglar eg to vakter, så om nokon har lyst, er det berre å melde seg.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå