Hopp til innhold

Rektorane positive til tettare samarbeid

Eit felles "Vestlandsuniversitet" frå Stavanger i sør til Volda i nord er under utgreiing etter påtrykk frå utdanningsministeren. Ein føretaksmodell, slik helseføretaka organiserer seg i regionar, er ei truleg løysing.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

VESTLANDSUNIVERSITET: Høgskulen i Sogn og Fjordane kan verte del av eit felles 'Vestlandsuniversitet', som kan strekkje seg frå Stavanger i sør til Volda i nord.

Foto: NRK

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, ønskjer meir felles styring av høgare utdanning og forsking på Vestlandet.

– Det vil jo vere eit styre der alle partane er representerte. Det har vi i dag også. Ein fusjon vil bety styring frå Bergen.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har bede alle norske utdanningsinstitusjonar om å kome med forslag til strukturendringar. Høgre-statsråden ønskjer seg eit nytt universitetskart, og høgskulane og universiteta på Vestlandet ser føre seg eitt langt tettare samarbeid om forsking og utdanning.

Inspirasjon frå organiseringa av helsevesenet

Åse Løkeland

POSITIV: Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, seier tettare samarbeid kan styrke alle institusjonane på Vestlandet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Full samanslåing ser ut til å vere lite aktuelt. Den mest trulege løysinga er ein føretaksmodell, etter inspirasjon frå helseføretaka, der kvar enkelt institusjon har stor grad av indre sjølvstyre.

Dette er ei løysing Løkeland har sans for.

– Dette er eit samarbeidstiltak der ein har sjølvstende som institusjon, men innanfor rammer der ein og har mynde i eit organ på tvers av institusjonar.

– Men skal det felles styret ha vetorett eller skal kvar enkelt høgskule bestemme som før?

– Eg vil rekne med at kvar enkelt høgskule vil ha eit budsjett og ein definert sjølvråderett. Men so må ein legge noko mynde til fellesstyret.

Skeptisk studentrepresentant

25. september er institusjonane på Vestlandet kalla inn til møte hos Røe Isaksen, der dei skal legge fram sine tankar om korleis høgskulesektoren skal organiserast.

Studentrepresentant i styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Guro Trøseid Gjerstadberget, er uroa over situasjonen.

– Det er mykje positivt ved å vere ein sjølvstendig og relativt liten høgskule. Det er veldig kort veg frå student til rektor eller styre, vi er veldig tett på. Det er noko vi kanskje kan stå i fare for å miste dersom høgskulen vert slege saman i ein større føretaksmodell.

Likevel seier studentrepresentanten i styret at det er vanskeleg å vere kategorisk. Ho vil ikkje vere einsidig negativ, og trur tettare samanknyting kan gje positive følgjer vinn-vinn situasjonar på nokre område. Men då er sjølvråderetten svært viktig.

– Vi er ein høgskule som har dei mest nøgde studentane i landet, og det sjølvstendet trur eg er ein viktig del av det gode miljøet ved høgskulen, seier Gjerstadberget

Rektoren hennar er heilt klar på at eit tettare samarbeid mellom Universiteta og Høgskulane vil vere positivt for studentane.

– Det vert felles kvalitetssikring. Ein kan også tilby lærarkrefter på tvers, anten ved at det "streamast" eller ved gjesteførelesarar. Ein kan nyte godt av gode tilbod ved andre institusjonar enn den ein er student hjå. Det kan styrke alle institusjonane på Vestlandet, seier Løkeland.

– Studentane må vere i fokus

Dag Rune Olsen

STUDENTANE FØRST: Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, seier studentane må vere i fokus når strukturen for høgare utdanning vert avgjort.

Foto: UiB

Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, påpeikar studentane er det aller viktigaste når ein skal avgjere kva modell ein skal velje.

– Vi må jo håpe og tru at ein slik prosess skal føre til nye strukturar som er til fordel for alle, nettopp ved at han gir betre utdannings- og forskingskvalitet. Då er det viktig å hugse at det er studentane vi skal ha i fokus.

– Men er det ikkje ein fare for at dette vil føre til at det meste no i tida som kjem vil verte styrt frå Bergen?

– Nei, eg ser ikkje nokon grunn til at det skal vere slik. Det viktigaste er at vi strukturerer sektoren vår slik at vi kan levere best moglege kandidatar ut til arbeidslivet, med dei beste føresetnader for å byggje landet vidare, seier Olsen.