Hopp til innhold

Vil gi meir pengar

Stryn kommune bør skyte inn fire millionar kroner meir i prosjektet Hoven-Loen. Det skriv rådmannen i kommunen i ei saksutgreiing til politikarane. I følgje avisa Fjordingen skal pengane gå til eit vegprosjekt forbi Opheim. Kommunen har allereie gått inn med 12,5 millionar kroner i prosjektet, som mellom anna omfattar bygging av gondolbane og restaurant på toppen av fjellet Hoven. Rådmann Per Kristian Storevik skriv at pengane skal hentast ved bruk av kapitalfond. Saka skal opp i formannskap og kommunestyre i morgon.

På pynten
Foto: Arkitekt Tore Geir Aaland og siv. ing. Eva Eide Koefoed / Teikning