Hopp til innhold

Myrkaskog får prøve seg i Sogndal

Den 23 år gamle måltjuven til 3. divisjonslaget Vik, Øystein Myrkaskog, har med sine ti scoringar på dei første fem seriekampane imponert Sogndalleiinga. No vil dei ha han på prøvespel.

Vik og Myrkaskog

KLAR: Øystein Myrkaskog ser fram til å prøve seg for Sogndal. Her i jubel over å ha slege Førde ut av cupen.

Foto: Terje Målsnes / NRK

– Øystein er ein veldig interessant spelar. Han har alltid scora mykje mål og er dermed ein mann vi vil sjå nærare på, seier Sogndal-assistent Håvard Flo til Sogn Avis.

Myrkaskog har vore ein viktig mann for vikjene. Mellom anna var han med og senka Førde med hat trick i cupen.

– Han har veldig mykje spissmateriale i seg, posisjonering i boksen, frekkheit, fysikk og eit bra steg. Grunnlaget er der, og vi vil sjå om han er klar til å ta eit steg vidare, seier Flo.

Er på tide å velje

Han seier til avisa at Myrkaskog er komen i ein alder der han må ta eit val i forhold til kva han vil med fotballen.

– Skal han ta eit steg vidare, må det vere no. Vi ser fram til å ha han på hospitering hjå oss, og då kan vi også høyre kva han sjølv tenkjer, seier Flo.

Håvard Flo

MÅ VELJE: Håvard Flo, assistenttrenar i Sogndal, meiner Myrkaskog må bestemme seg for kva han vil med fotballen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trenaren meiner han er best i fylket

Sjølv seier Myrkaskog til avisa at han er godt nøgd med å få sjansen til å syna seg fram på øvste nivå.

– Det er veldig kjekt. Eg må vedgå at eg har venta på ein telefon som dette, då det har vore så mykje snakk om den siste tida. Eg skal inn der og gjere mitt beste, så får vi sjå, seier Myrkaskog.

Vik-trenar Jarle Christensen har lenge tenkt at noko slikt kunne komme til å skje.

– Eg meiner harn er den beste spissen i fylket, medrekna Sogndal-spissane, seier Christensen.