Hopp til innhold

Vikingserie i Gudvangen kan glippe

Gudvangen er aktuell som innspelingsstad for den britiske tv-serien "Vikings", men kan bli for dyr for produsenten.

Nærøyfjorden

PERFEKT OG URØRT: Den inste delen av Nærøyfjorden er slik produsenten vil ha det.

Foto: MereteHusmo Høidal / NRK

– Det meste av serien skal filmast i eit studio i Irland, men dei mest spektakulære naturbileta og scenene med vikingane i deira opphavelege miljø ønskjer vi å hente i dei norske fjordane, seier hovudprodusent Morgan O'Sullivan til aftenposten.no .

Gudvangen er perfekt

O'Sullivan var i fjor på location-synfaring på Vestlandet, og han meiner Gudvangen er den perfekte staden å filme scenene som skal vise utgangspunktet til vikingane, før dei tek til å erobre Frankrike og England.

– Berre litt over ein time frå Bergen fann vi ein stad som er nesten uberørt og nær opp til det miljøet vikingane levde i for tusen år sidan.

"Vikings" handlar om familiehistoria til vikingkongen Ragnar Lodbrok. Den første sesongen av serien utgjer ni episodar, og den er innkjøpt av den amerikanske History Channel. Budsjettet er på 400 millionar kroner.

Kan bli for dyrt

Men sjølv med eit så stort budsjett må dei snu på skillingane, og O´Sullivan er redd for at det kan bli for dyrt å legge delopptak til Gudvangen og Nærøyfjorden. Rundt ti millionar kroner ekstra kan det koste.

– Vi kan gjere dette rimelegare i Canada eller på Island, eller i eit studio i Irland, der naturbileta blir lagde på etterpå. Men eg håpar verkeleg at vi får til ei løysing slik at vi kan dra til Norge og filme dette, seier han.

Vil ha folk med "viking look"

Produsenten har og ein annan grunn til å sjå til Norge. Han ynskjer seg fleire norske skodespelarar på rollelista.

– Vi vil at vikingane skal sjå autentiske ut, og vi er difor på jakt etter skandinaviske skodespelarar som har "viking-look". Dei første nyhenda om kven som får rollene, kjem snart, seier han.

I Gudvangen kan han iallfall få statistar med "viking-look". For der er det kvar sommar folk som går rundt i vikingkostyme for å syne turistane korleis dagleglivet var i vikingtida.

(Artikkelen held fram under biletet).

Vikingane i Gudvangen

VIKING-LOOK: Vikingane i Gudvangen kan kanskje sjå fram til statistroller.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Håpar på spleiselag

Men planane om opptak i Nærøyfjorden kan strande fordi Norge heilt manglar tilrettelegging for internasjonal filmindustri, seier den norske co-produsenten, Eldar Nakken i Mediacircus i Bergen.

– Vi har ikkje fått ein endeleg avtale om å legge delar av filminnspillinga til Norge enno. Land som Island, Bulgaria og Ungarn har såkalla incentivavtalar som gir produksjonsselskapa avskrivingar på inntil 20 prosent av kostnadene dei brukar i landa.

– Slike verkemiddel har vi ikkje i Norge. Difor jobbar eg no med å få i gang eit spleiselag som kan bidra med dei ti millionar kronene som det kostar ekstra å filme i Norge, seier han.

– Kva finansieringskjelder ser du for deg?

– Sal av TV-rettane til ein norsk TV-kanal og pengar frå film- og TV-fondet hos Norsk filminstitutt er viktige kjelder. I tillegg håpar vi at regionale fond og reiselivet vil bidra, seier Nakken til aftenposten.no.

Men ein ringerunde avisa har gjort til styresmakter, Innovasjon Norge og til reiselivsnæringa tyder ikkje på at pengane til eit slikt prosjekt sit laust.

(Artikkelen held fram under biletet).

Opptak av vikingfilm i Finden i 1972

VIKINGFILMOPPTAK I 1957: Frå opptaka til spelefilmen 'The Vikings' i Finnafjorden i 1957.

Foto: © Vik lokalhistoriske arkiv

Spelefilm frå 1958

Sagaen om Lodbrok er filmatisert tidlegare i den amerikanske storfilmen "The Vikings" frå 1958, med Kirk Douglas og Tony Curtis i hovudrollene som sønene til Ragnar. Ernest Borgnine spela Ragnar Lodbrok.

Den gongen vart delar av filmen spela inn i Finden i Vik kommune sommaren 1957.

Lodbrok skal ha vore konge av både Sverige og Danmark, og han skal ha erobra Paris og store delar av Frankrike. Lodbrok påstod ifølgje segnene at han var ein direkte etterkomar av Odin, og han skal ha enda livet ved at den britiske kongen Ælla kasta han i ei ormegrop. Som hemn skal ein av sønene hans etterpå ha erobra Storbritannia.

Produsenten av "Vikings" har materiale til fire sesongar, men sjåartala til dei ni episodane i første sesong vil avgjere om det blir meir.