Det seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal. Han har reist motsegn mot dei storstila hyttefeltplanane:
- Vi har sett at kommunen forholdsvis ukritisk har lagt ut store byggeområde, og det har vi sett som unødvendig.
Verna i hel
Ordførar i Vik, Erik Lidal, meiner det er viktig for kommunen å få utnytta dei områda som finst:
- Vi har Stølsheimen verneområde som går heilt ned til sjøen, og vi har hundremetersbeltet langs heile fjorden - vi kan ikkje verne oss i hel, seier ordføraren.
Han vil legge til rette for bygging av utleigehytter i strandsona i Arnafjorden i Vik - eit område som har mista mange arbeidsplassar dei seinare åra. Han meiner kommunen no må ha fått sitt når det gjeld vern.