Oppgjeret for inntektsåret 2015 er klart, og 68.128 skatteytarar i Sogn og Fjordane får tilbake pengar. Til saman er det snakk om 875 millionar kroner som desse får dele.
Det er ein del færre som får baksmell. 15.225 skattyrarar må betale til saman 345 millionar kroner ekstra, det utgjer i snitt 22.654 kroner på kvar.
Avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatt vest meiner folk bør syte for at skattekortet er i samsvar med inntektene og eventuelle frådrag.
− Mykje kan endre seg i økonomien din gjennom året. Det kan slå ut på skatteoppgjeret ditt, om du får pengar att eller restskatt. Eit mest mogleg rett skattekort er viktig for å få eit mest mogleg korrekt skatteoppgjer.
Ho seier det er viktig å endre skattekortet viss ein til dømes har skifta jobb eller endra sivilstand.
I morgon, fredag 14. oktober, er skattelistene offentleg tilgjengelege på skatteetaten.no.