Hopp til innhold

VG: Pålegg etter trippeldrapet ikkje fylgde opp

Politidirektoratet har ikkje fylgt opp det viktigaste tiltaket dei vart pålagt etter drapa på Valdresekspressen 4. november 2013.

Åstaden for trippeldrapet

SNART FIRE ÅR SIDAN: Tre personar vart drepne på Valdresekspressen 4. november 2013.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

VG skriv at Politidirektoratet fekk i pålegg å lage ein konkret plan for å betre samarbeidet mellom politi, brann og helse. Tre og eit halvt år etter drapa på tre menneske ved Holsbru i Årdal er arbeidet berre så vidt kome i gang.

Etter trippeldrapa fekk Politidirektoratet i oppdrag å betre rutinane for trippelvarsling. Målet var å sikre at alle etatane har ei fast oppskrift på korleis dei skal samarbeide og dele informasjon, slik at hjelpa kjem fort fram og blir utført på best mogeleg måte.

Avisa skriv at sidan 9. mars i år er det ikkje halde eit einaste møte eller produsert eit einaste dokument om nasjonale trippelvarslingsrutinar. Det første møtet i Politidirektoratet blir halde 24. august i år, åtte månader etter at arbeidet skulle ha vore ferdig.

Trippeldrapa i Årdal vart utført av ein asylsøkar som skulle utvisast frå Norge dagen etter. Han gjekk på bussen i Øvre Årdal og drap bussjåfør Arve Kvernhaug (55) og passasjerane Brahim Khoya (53) og Margaret Molland Sanden (19).

Politipatruljen som vart dirigert til staden, var i Lærdal, og brukte svært lang tid på turen til Holsbru, mellom anna fordi dei to i bilen valde å køyre om Filefjellet i staden for om Årdal. Det var folk frå brannvesenet i Årdal som til slutt fekk overmanna drapsmannen.