Etter ein og ein halv månad vart skjela fri for gift ved at vatn frå Jostedalen kraftverk vart sleppt i sjøen der blåskjela stod. Prosjektleiar i SINTEF, Kjell Inge Reitan er svært fornøgd med resultatet. Han seier det likevel ikkje berre er å sette i gang med produksjon av giftfrie skjel i Sognefjorden. - Dette var berre eit forprosjekt med avgrensa tid og ressursar, seier han.
Raskt resultat
Sognefjorden er eit av verdas beste beiter for blåskjel, men giftalgar har så langt gjort det umogeleg å drive lønsam oppdrett. Forsøket i Lustrafjorden på seinsommaren i fjor var difor eit svært spennande prosjekt. Ferskvatn frå Jostedalen kraftverk i Gaupne vart sleppt ut i djup sjø der dei giftige blåskjela stod. Slik skulle sunne algar vekse fram og fortrenge dei giftige. Og etter berre ein og ein halv månad kunne forskarane heise opp blåskjel heilt utan gift på to av tre forsøksstader.
Men no manglar SINTEF pengar til å perfeksjonere forskinga, slik at blåskjeldyrkarane kan ta i bruk den nye metoden.