Hopp til innhold

Dei som berga ut 20 husdyr gjorde ein kjempejobb, seier lensmannen etter brannen

Det er enno for tidleg å seie noko om årsaka til at ein driftsbygning vart totalskadd av brann på Sperle i Jostedalen torsdag.

Uthus totalskadd av brann i Jostedalen

NI HUSDYR BRANN INNE: Driftsbygningen på Sperle vart totalskadd, men eit eldre bustadhus like ved vart berga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men lensmann Asle Karoliussen seier at dei veit i kva del av driftsbygningen brannen starta.

– Det veit vi ut frå observasjonane til dei som kom til brannstaden, og så får vi ta det vidare derifrå. Vi må ta ei åstadsgransking og få tak i dei opplysingane vi kan, og så får vi sjå om det gir oss ei årsak.

Det var 29 dyr i driftsbygningen då brannen starta, ni av desse vart offer for brannen, seier lensmannen.

– Dei fekk berga ut 20 dyr. Dei som var her gjorde ein kjempejobb med å få dei ut og trygt unna. Men driftsbygningen er totalskadd, i tillegg er det skade på ein traktor og kanskje ein del reiskapar.

Ein del av dyra blir plasserte i andre driftsbygningar i bygda, men mjølkekyrne blir sende til slakt av praktiske årsaker, seier lensmannen.

Lensmann Asle Karoliussen

– KJEMPEJOBB: Lensmann Asle Karoliussen rosar dei som kom til og fekk berga ut 20 husdyr.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Godt jobba

Lensmannen fekk melding om brannen rundt klokka ni om morgonen, og brannvesenet var på plass 09.25, seier Karoliussen.

– Dei fekk berga det gamle hovudhuset på garden. Det står berre 10-15 meter unna, det var godt jobba at dei greidde å berge det huset.

Og medan manglande vinter og snø har forsterka brannfaren og gjort sløkkearbeidet vanskeleg i andre brannar i det siste meiner lensmannen at det var ein fordel at det ikkje var vintertilhøve slik det plar vere i Jostedalen på denne tida.

– Hadde det vore som vanleg skulle elva ha vore heilt attfrosen, no fekk dei henta vatn frå elva. På den måten fekk dei avgrensa skadeomfanget.

Per Hilleren

VIL VERE STØTTE: Bondelagsleiar Per Hilleren reiste til Jostedalen for å vere til støtte for bonden som miste driftsbygningen sin.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Heile livsverket rasa

Leiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane Bondelag tok sjølv turen til Jostedalen då han høyrde om brannen.

– Vi i bondelaget meiner det er rett å bry seg om bøndene, eg reiste for å sjå kva som hadde skjedd og for å snakke med bonden som står midt oppe i dette, og vere ein støtte for han i den grad det går an.

Hilleren fortel at bonden har bestemt seg for å sende dei mjølkekyrne som vart berga ut til slakt i løpet av dagen.

– Det er ikkje mogeleg for han å få omplassert dei, og så får han ta vare på ein del av ungdyra sine.

Bondelagsleiaren seier det er vanskeleg å sette ord på kva ein gardbrukar føler når ei slik ulukke råkar.

– Her rasar heile livsverket, det framtida er bygd på. Heile grunnvollen blir rysta, og ein må starte på nytt.

– Kva hjelp får bonden framover?

– Han var svært takknemleg for den hjelpa han har fått gjennom avløysaren sin. Bonden var sjølv komen til Sogndal då brannen starta. Avløysaren oppdaga brannen, og ho gjorde ein kjempeinnsats saman med folk som kom til.